Du har vore ein framifrå god redaktør i dei 10 åra du har hatt jobben, og eg vil særleg peika på dei mange gode leiarartiklar om aktuelle tema som du har hatt desse åra. Dei er ofte det første eg les når eg opnar avisa.
Du har vore rettferdig og balansert, og gjeve rom for meiningar som kanskje ofte gjekk på tvers av redaktøren sine eigne meiningar. Det er kjennemerket på ein god redaktør at det blir gitt godt rom for breidda og nyansane i meiningar.
For meg som i si tid var den som kalla inn til det første møtet for å få i stand ei lokalavis i bygdene våre, har det vore ei særleg glede å sjå korleis Grannar har vakse og blomstra i desse åra. Både sidetal, kvalitet og opplag har vel vore stigande heile tida, og ingen i våre bygder kunne vel tenkja seg å vera utan denne bodbringaren.
Hjarteleg takk til deg, Aslaug, og lukke til med dei saker du i tida framover vil engasjera deg i. Eg tippar at du kjem ikkje til å leggja deg på sofaen.
Med helsing
Hans Olav Tungesvik
Skånevik
Takk til redaktør Aslaug
Du har vore ein framifrå god redaktør i dei 10 åra du har hatt jobben, og […]