Tankar om Nokas-rettssaka

Først det positive: Tingrettens formann, sorenskrivar Helge Bjørnestad fortenar stor respekt og heider for den […]

Først det positive: Tingrettens formann, sorenskrivar Helge Bjørnestad fortenar stor respekt og heider for den måten han har leia den lange rettssaka på, og særskilt i dag for den saklege og rolege måten han takla det heile under den lange opplesinga, heile fire timar.
Men det kan ein diverre ikkje seia om forsvararane. Somme tider har ein lurt på om dei var med i domar-panelet! Og når ein forsvarar står fram i TV og seier at retten ikkje skulle vore halden i Stavanger – der dødsranet føregjekk – og at lagmansretten må setjast ein annan stad – ja, då må ein lura på om han representerer habiliteten og kvaliteten i norsk advokatstand!
Er det ein rettsstat verdig at forsvarsadvokatar opptrer på ein slik arrogant måte, som dei ved fleire høve har gjort i denne saka?
Dei domfelte i Noregs største, grove ransak med dødsutgong, har etter mi meining ikkje fått for streng dom. Heller motsatt… Og at ingen ville stå fram å fortelja kven som skaut Arne Sigve Klungland, burde føra til skjerpa straff.
At kvar tiltala skal ha fleire forsvararar som skal ha skyhøge honorar, er også uforståeleg for folk på grasrota.

Einar Grønstad