Her kritiserar ein korleis veljarane har stemt, i staden for å rosa dei for at dei i det heile teke har orka å kreka seg til stemmeurnene.
Det ser ut som enkelte har trudd at det var folket som var på val og ikkje politikarane. Men så er det ikkje, at fordelinga av representantar frå dei forskjellige bygdene er så eller så er noko ein lyt respektera, det har folket bestemt ved val, og det er dette folket politikarane representerar. Denne kritikken vitnar om svært liten respekt for veljarane og for dei representantane som er valde inn frå plassar som somme meiner har fått alt for mange representantar.
Nå er det jo slik at dei politiske partiene om igjen og om igjen kritiserar bygdalister og andre politisk uavhengige lister for ikkje å tenkja heilskap, underforstått dei tenkjer berre på bygda si og skit i resten av kommunen. Denne gudegjevne gåva til å tenkja heilskap blir automatisk gjeve til den som får navnet sitt på ei parti-politisk liste. Det er vel då grunn til å forventa at også dei parti-politiske representantar frå Vikedal er blitt utstyrte med denne gåva og vil tenkja heilskap, i så måte ser eg ingen grunn til å uroa meg.
I kommuneval er det viktigaste å få inn dei som ein meinar er mest dugande til å styra kommunen, slik har vel også veljarane i Ølen sentrum tenkt. Når ikkje dei frå Ølen sentrum som stod på listene vart funnen dugande nok så har ein vel valgt å finne sine representantar frå andre bygder, så enkelt er vel det.
Så eg som har sysla med desse hersens bygdelistene litt, og gong på gong fått stikkarar frå dei politiske partia om kor snevre me er og kor visjonære og heilskap-tenkjande dei lokale parti er, synes det er god underhaldning når dei same politikarane slår beinkrok på sine eigne argument med å uroa seg over at dei valde representantane frå parti-listene ikkje vil tenkja heilskap.
At nokre veljarar har vore litt smarte kan dei ikkje kritiserast for, då får partia prøve å vera smarte sjølv. Sjå på Frp, med 13 av 18 kandidatar på lista frå Ølen/Ølensvåg, alle med evne til å tenkja heilskap, så tok dei jammen innersvingen på Vikedalsbuen. Men gjorde dei ikkje eit heller dårleg val?
Roald Årvik
Vikebygd, ikkje Vikedal om nokre skulle har trudd det.