Svært mange innan næringa er fullstendig ueinig i det som skjer på denne garden i regi av stiftelsen. Så alvorleg ser næringa sjølv på det som skjer at dei har valt ei nemnd for å synleggjera sin frustrasjon og misnøye til politikarane og stiftinga.
Lang tid med reint misbruk av ein av Etne sine beste gardar må etter kvart ta slutt. 13 år er gått sidan Vestnorsk Senter For Bygdeutvikling vart til. 13 år som har hatt det som resultat at garden sakte og sikkert er enda i «uføret». Ikkje på grunn av leigarane – som med fagleg dugleik har gjort det beste ut av drifta – men ut frå at dei har ei stifting på ryggen i si drift. Dette er ein heilt uakseptabel måte å driva gard på og dette veit alle som har prøvd å ha si innkome av gard. Ein er fullstendig avhengig av langsiktige rammer og eigarskap for å investera å gjera ein gard til ei framtidsløysing. Det ein absolutt ikkje treng er ei stifting med på lasset som gjennom 13 år ikkje har fått til eit einaste overskotsprosjekt.
Ved overdraginga av denne garden til stiftinga fekk dei med på kjøpet ca. 600.000 til startkapital. Etter den tid er der innbetalt til stiftinga ca. 1.400.000 i leigeavgift. Bortimot ingenting av dette har gått til investering, noko har gått til vedlikehald. Rekneskapa for 2000 – 2001 – 2002 – 2003 viser at eigenkapitalen i løpet av desse åra er redusert med 435.000 trass i innbetalingar på 440.000. Kor har desse 875.000 tatt vegen? Stiftinga har i same periode tatt ut ca 230.000 til administrasjon for å sitja på ryggen til leigarane. Rekneskapa for 2004 – 2005 er dessverre ikkje råd å gå inn i. Desse har stiftelsen ikkje sendt inn til Brønnøysundregisteret til tross for at dette er lovpålagd. Kvifor er ikkje dette gjort når loven seier at dei skal vera offentleg tilgjengelege?
Stiftinga har pr 1. januar i år klart å «forvisa» tidlegare leigar som òg sat på maskinparken. Dei sit nå att med å driva ein stor gard med leigd hjelp på timebetaling. Me står om kort tid framføre den mest intensive tida på ein gard med ein månad heilkontinuerleg vakt – ja også natt – under lemminga, full våronn, slått osb. Eg må spørja, er det nokon som har ansvar for meir enn sin eigen plen som har fått ei slik drift til å gå med overskot? Vil ikkje dette føra til endå eit år med reduksjon av eigenkapitalen? Altså nok ein feil strategi frå stiftinga?Eg får inderleg vona at gevinsten av uttaket av planteskog i alle fall ikkje er meint å dekka opp underskota i rekneskapen, mistanken ligg forholdsvis nært.
Eg har etter kvart mista trua på at styret i stiftelsen evnar å sjå at denne garden burde vore ute på sjølveigande hender. Derimot skulle ein vel kunne forventa at politikarane våre etterkvart hadde sett at verksemda ligg langt utanfor vedtektene dei sjølve har komponert.
Eg kjem difor med ei innstendig oppfordring til politikarane våre. Ta grep og gjer slutt på at denne garden blir brukt som leikegrind for drøymarar. Før garden tilbake på sjølveigande hender slik at den kan bli eit positivt innslag for næringslivet i Etne, for naboar og ikkje minst for landbruket sjølv. Det hastar.
Lars Ø. Grønstad