Tap i jubileumskamp, men sikra kvalifiserig

12 min: 1-0 Jan Bauge 34 min: 2-0 Bjørn Wannberg, str 51 min: 2-1 Odd […]

12 min: 1-0 Jan Bauge
34 min: 2-0 Bjørn Wannberg, str
51 min: 2-1 Odd Magnus Ferkingstad
63 min: 2-2 Trond Morten Liknes
80 min: 2-3 Odd Magnus Ferkingstad
87 min: 3-3 Egil Moe
89 min: 3-4 Odd Magnus Ferkingstad

Det var ein spesiell kamp for Bjørn Wannberg i heimekampen mot Ferkingstad på fredag. Dette var kamp nummer 400 han spelte for a-laget til Skjoldar. I drakten han fekk frå fotballstyret, med nummer 400 på ryggen, spela Wannberg truleg sin siste heimekamp for a-laget på Vikaneset. Ser ein vekk i frå eit år på juniorlaget til Kolnes, har Wannberg vore trufast mot Skjoldar, dei siste 20 åra som a-lagsspelar.
— Skjoldar hadde ikkje juniorlag det året, og då eg hadde ein kamerat som spela på Kolnes, var eg med der eit år, seier Wannberg. 36-åringen er aktiv i idrettslaget, og i tillegg til å være a-lagsspelar, er han trenar for Skjoldar sine gutar 15 år, der også eldste sonen Bjørnar spelar. Fembarnsfaren er ganske bestemt på at han spelar sin siste sesong for a-laget.
— Nå vert det old-boysfotball på meg i framtida. Men skulle det vere mangel på folk i a-lagsstallen pga skader og liknande, kan det nok hende det vert ein a-lagskamp i ny og ne på meg, avsluttar han.
Kvalifisering
Sidan Vats 94 spela uavgjort i sin kamp kvelden før, var Skjoldar allereie før kampen klar for kvalifiseringsspel. Dette prega også heimelaget, og dei tok nok for lett på oppgåva med å slå botnlaget Ferkingstad. Heimelaget styrte likevel det meste av fyrste omgang, og etter 12 minutt tok Skjoldar leiinga etter scoring av Jan Bauge. Etter ein god halvtime fekk Ferkingstad ein spelar utvist etter felling innafor 16-meteren, og dagens jubilant Bjørn Wannberg sette ballen rett i mål. Ferkingstad hadde også sine sjansar i fyrste omgang, med skot i stang og spelar aleine med keeper. Dårleg utnytting av sjansane og godt keeperspel av Skjoldar-keeper Jarle Rødde, gjorde likevel at både Skjoldar-spelarane og publikum i pausen trudde at dette skulle gå Skjoldar sin veg. Ferkingstad spela for å unngå nedrykk og satsa friskt i andre omgang, og det gjekk ikkje mange minuttane av omgangen før dei reduserte til 2-1. Då det gjenstod 10 minutt av kampen hadde dei scora to gonger til, og var nå det førande laget. Det vart likevel ny spenning i kampen då Egil Moe sette inn eit frispark frå om lag 25 meter og utlikna til 3-3. Men dette hjelpte lite då ein Ferkingstad-spelar like etter kjem åleine og scorar på tunnel mot keeper Rødde.
— Dette var bedrøveleg og trist, seier Skjoldar-trenar Åge Liff. — At me allereie var klar for kvalifiseringsspel prega spelarane for mykje, samstundes som laget heilt klart undervurderte motstandarane. Når ein i tillegg spelar med eit forsvar som er under einkvar kritikk, klarte me ikkje å dra dette i land, avsluttar Liff.