Tap som forventa

At Regjeringa i heile tatt køyrte saka inn for domstolen, i staden for å prøva […]

At Regjeringa i heile tatt køyrte saka inn for domstolen, i staden for å prøva å finna andre løysingar først, var ikkje ei klok avgjerd. For Noreg handlar kampen om heimfallsrettane om arvesølvet som vart sikra tidleg etter unionsoppløysinga. Det er ei viktig sak som ein må finna ei løysing på som sikrar at størstedelen av denne ressursen kjem fellesskapet til gode.

Denne saka viser også eit stort på problem i EU, nemleg eit demokratisk underskot. I denne saka er det dommarar i EU som avgjer at det ikkje går an å ha eit regelverk som norske folkevalte politikarar har slått fast gjennom snart hundre år at skal gjelda for Noreg. Det blir altså ikkje demokratiet i Noreg som bestemmer i ei så viktig sak om landet sine naturressursar. Difor er det ikkje utan grunn at enkelte politikarar tenkjer tanken om at Noreg må seia opp EØS-avtalen.Men å seia opp EØS-avtalen no, er ikkje den løysinga som vil fungera. Til det er avtalen altfor viktig for det meste av norsk næringsliv. Men i kampen om heimfallsrettane går det an å tilpassa seg det regelverket EFTA-domstolen harr slått fast at skal gjelda også på dette området.

Venstreleiar Lars Sponheim lanserte tysdag eit forslag som vil sikra heimfallsrettane til norske fossefall også i framtida – nemleg at ordninga skal gjelda for både private og offentlege eigarar. Ein får då ei overflytting av verdiar frå kommunar til staten, men desse verdiane kan tilbakeførast til lokalsamfunna på andre måtar enn eigarskap i kraftverk.Sponheim si løysing er å laga eit heimfallsfond som vil gje kommunane inntekter frå avkastinga av dette fondet framfor direkte frå kraftselskapa. Ei slik løysing er relativt enkel å få på plass, og bør vera verdt å studera nærmare.