Taper kampen mot byane

Distriktspolitikk er motkrefter som skal hindre ei for sterk sentralisering, både i og mellom landsdelar. […]

Distriktspolitikk er motkrefter som skal hindre ei for sterk sentralisering, både i og mellom landsdelar. Det står ikkje så bra til, og den såkalla distriktskommisjonen vart sett i sving for å kome med forslag og mottiltak som kan bremse opp sentraliseringa. Men alt tyder på at dei store byane går av med sigeren, og at sentraliseringa i landsdelane kan bli endå sterkare. Det var neppe målet for dei som tok initiativet til kommisjonen med sikte på å styrke distrikta.

Debatten kjem til å bli dominert av spørsmålet om kva for forvaltningsnivå vi skal ha her i landet. Fylkeskommunen har lege på sotteseng i fleire år, og blir berre seigpina i den grad det ikkje er råd å bli samde om noko anna.
På Vestlandet er det eit slags opprør med ønske om å opprette ein større region som kan ta frå staten makt, og styrke Vestlandet ved å samle seg frå Rogaland til Sogn og Fjordane.
Det er ein god ide for Vestlandet å samle krefter i ein større region som kan gi større herredømme i ein ressursrik landsdel. Regionen blir noko meir enn summen av dei tre fylkeskommunane, og på sikt kan den overta oppgåver staten har i dag. Men alt no er skepsisen stor i Rogaland og Sogn og Fjordane for at Bergen skal bli for sterk. Demokratisk underskot og mangel på felles arenaer blir også nemnt. Med andre ord mangel på distriktspolitikk i vestlandsregionen sjølv.

Blant dei tre sterkaste kritikarane av ein slik region, er Høgre- ordførarane i Stavanger, Haugesund og Bergen. Dei vil heller ta mesteparten av kaka til sin eigen by og overta mest mogleg av det fylkeskommunen har av ansvar og makt i dag. Difor går dei inn for at det ikkje skal vere noko nivå mellom staten og kommunane.
Denne storbyegoismen vil føre til kraftig sentralisering, med ei omfattande samanslåing av kommunar med på lasset.
For utkantane og små kommunar er eit regionnivå det beste av to alternativ som begge vil auke drivkreftene inn mot dagens regionbyar.