Taper sju millionar på stengde tunnelar

Reaksjonane frå transportbransjen og næringslivet har ikkje lete venta på seg. No ser det ut […]

Reaksjonane frå transportbransjen og næringslivet har ikkje lete venta på seg. No ser det ut for at reaksjonane gjev resultat.
— Vi er allereie i gang med forprosjektering med tanke på at vi skal gjere tunnelane over Haukeli ti centimeter høgare. Dette er arbeid som vi satsar på å ha gjennomført i løpet av eitt år. Men allereie innan 1. februar skal vi ha sett i sving ekstraordinære tiltak som skal vera til hjelp for så vel tungtransporten, som for den generelle trafikken over fjellet, fortel Eva Solvi, leiar i veg- og trafikkstaben i Region Vest ved Statens vegvesen. I reine ord vil det truleg seia ein kombinasjon av redusert fart og lysregulering.
Under aksjonen som fann stad ved Seljestad og på Haukeligrend, viste det seg at 56 av bilane var for høge. 29 tok oppmodinga om å snu på alvor, medan dei 27 siste køyrde vidare, vel vitande om at det ville føre til bøtelegging. Og det sjølv om dette var ein varsla kontroll.
— Vi hadde eit møte i hovudstaden sist veke med samferdsleminister Torild Skogsholm, Vegvesenet og andre involverte partar. Her var også næringslivet representert med mellom anna konsernsjef for Fatland AS, Leif Malvin Knutsen. Han sender til dagleg seks bilar frå anlegget i Ølen og over Haukeli til den store marknaden på Austlandet, fortel Erik Hundhammer. Ølensbuen er dagleg leiar for Hundhammer Transport og Telefrakt, men møtte i hovudstaden først og fremst i kraft av å vera hovudtillitsvalt i Norges Lastebileigarforbund.

Heilt i utakt
— Dette handlar ikkje mest om lastebilane og vogntoga. Vi er berre på vegen fordi det framleis er eit oppegåande næringsliv spreidd utover også i meir grisgrende strok. Men vert det ikkje gjort noko med vegstandarden og tunnelhøgdene i dette landet, er vi i ferd med å få eit A- og eit B-lag også innan næringslivet. Dei som har produksjonen i nærleiken av den store marknaden austpå, og dei som ligg på andre sida av fjellet. Det er dessutan skremmande å sjå at berre tre prosent av dagens bruttonasjonalprodukt vert brukt til samferdsle. Vi skal ikkje mange åra attende i tid før prosentsatsen var åtte. Det er ei skam det som no skjer. Heldigvis vart møtet vårt i Oslo rimeleg vellukka. Tunnelproblematikken vart snudd frå å vera eit Haukeli-problem, til å bli ei utfordring for heile landet. Etter det vi kjenner til er det nemleg 160 tunnelar i heile landet som ikkje er meir enn fire meter høge, hevdar Hundhammer.

6-7 millionar kroner
Også Leif Malvin Knutsen er nøgd med responsen under og etter samtalane med statsråd Skogsholm og hoffet hennar.
— Det er heilt tydeleg at vi vert tekne på alvor. Eg hadde med meg eit reknestykke som i klare tal fortalte at skulle transportane våre austover bli tvinga til å køyra om Sogn, ville det gje oss ein auka transportkostnad på seks til sju millionar kroner i året. I tillegg til dei reint marknadsmessige ulempene det ville medføre. Tida frå ein butikk tinga varene til vi kunne levere ville nemleg ha auka drastisk. Statens Vegvesen har indikert at dei tek dette på alvor, og arbeidar allereie på spreng med å finne gode løysingar på sikt. I første omgang trur eg svaret vert lysregulering og einvegskøyring. Eg har stor tiltru til at dette skal ordne seg, og føler faktisk at den negative fokuseringa som har vore kring tunnelhøgdene over Haukeli, no er snudd til noko positivt, seier Knutsen. Og held fram:
— Får vi auka høgda frå 4,00 til 4,10 meter, skal det også vera mogeleg å få bilane som i dag er inntil 4,20 igjennom. Det er nemleg fullt mogeleg å seinke høgda på desse store køyredoningane med 12, 13 centimeter, røper konsernsjefen, som i sitt tidlegare liv har jobba mykje med vegspørsmål. Og veit at ting tek tid.
— Men denne gongen har eg likevel tru på snarlege og gode løysingar.