Tappar vatn i bass enget

— Me ser veldig positivt på vedtaket i kommunestyret førre veke. Det er eit godt […]

— Me ser veldig positivt på vedtaket i kommunestyret førre veke. Det er eit godt grunnlag å drive vidare på, seier Per Fatland, styreleiar i Vindafjordhallen.
Symjehallen har hengt i ein tynn tråd lenge, og no låg det an til stenging. Utan pengar til å drifte den vidare, var partslaget, som står for drifta av hallen, avhengig av velvilje frå kommunen. Eit tilskot på 250.000 kroner og signal om at kommunestyret vil prioritere vidare drift av hallen i budsjetthandsaminga, er redninga så langt. Men all uvisse er ikkje rydda av banen av den grunn. Tingingane mellom kommunen og selskapet Vito Holding AS om overtaking av drifta av hallen, munna ut i ei intensjonsavtale som gjeld ut året. Så langt har det ikkje kome noko konkret ut av prosjekta som ligg til grunn for avtala.
Folk var skeptiske
— Det var eit kontroversielt tema mellom folk i bygda då det blei aktuelt at Vito Holding skulle overta drifta. Det blei oppfatta som at kommunen ville gje frå seg hallen som blei gjeve, i gåve i si tid, og det blei ikkje særleg godt mottatt. No er ikkje det med Vito Holding noko særleg tema lenger. Folk reknar vel med at det har kokt vekk i kålen sidan det ikkje har skjedd noko ennå, seier Fatland.
Han får støtte av Hognaland, som har 40 prosent stilling som dagleg leiar i Vindafjordhallen.
— Alt har vore på vent sidan Vito Holding kom inn i biletet. Det har skapt uvisse, og det likar ikkje folk. Men no trur me ikkje lenger på at det blir noko av, seier ho.
Mykje skepsis er rydda av banen etter signala frå kommunestyrepolitikarane førre veke. Vedlikehaldsarbeid på flisene i symjebassenget er allereie i gang, og målet er å få tappa i vatn i løpet av neste månad. Hognaland og Fatland varslar bassengopning første november.
Visjonar og idear
— Ein kommune på den storleiken Vindafjord blir etter samanslåinga, bør ha eit symjehalltilbod til folket. Eit basseng blir brukt av folk frå null til nitti år, argumenterer Fatland, og håpar at den nye kommunen vil sjå potensialet i hallen og gje dei tilskota som er naudsynte for å halde drifta i gang.
— Me ønskjer at hallen skal vere ein fleirbrukshall med bading, bibliotek, kunstskule og kafé. Dette skal vere ein stad for heile familien utan at me treng å gjere det så avansert. Bygget står her og det har stort potensiale, men det blir for lite brukt, legg Hognaland til.
Både ho og styreleiaren er kritiske til at skulebading og bibliotek i si tid blei tatt ut av hallen. Ønsket er å få desse aktivitetane, saman med fleire, tilbake.
— Framtidshåpet er å få lokalisert hovudbiblioteket her, eventuelt kombinert med eit påbygg. Det vil skape trafikk. Det er fleire som saknar biblioteket her, det blei mykje brukt då det var her, seier Fatland.
— Det blir satsa på kultur i distrikta, og me må finne vår plass. Me ønskjer å lage eit kultursenter for nye Vindafjord her, avrundar den engasjerte styreleiaren.