Tappert frå Bjoa/Vikebygd

For Bjoa/Vikebygd–spelarane handlar det like mykje om oppmøte som gode resultat på fotballbanen. Spelande trenar […]

For Bjoa/Vikebygd–spelarane handlar det like mykje om oppmøte som gode resultat på fotballbanen. Spelande trenar Tormod Sandsgård var nøgd etter kampen på måndag. Ikkje fordi dei tapte «berre» 1-8, men fordi dei hadde fullt lag.
Då Grannar kontakta Tormod Sandsgård før kampen var meldinga hans klar: — Ta med deg kuleramme!
Veteranar stiller opp
At dei klarer å halde humøret oppe, er godt gjort. På måndag trilla den eine ballen etter den andre inn i heimelaget sitt mål. Likevel mista dei aldri motet og stod på til siste slutt.
At resultatet ‹berre» vart 1-8, var mest flaks. Kolnes 2 hadde tre tverrleggjarskot berre i 2. omgang.
— Eg synest det gjekk bra i dag eg. To av spelarane som var med i dag, har ikkje trena i det heile. Både skadar og at fleire er vekkreiste på jobb i vekene, har gjort at det har vore vanskeleg å stille lag til kampane. I dag klarte me det, takka vare at me har nokre veteranar som stiller opp når me ber dei fint, seier Tormod Sandsgård og smiler.

6. div, avd. 04. Bjoa Stadion
Bjoa/Vikebygd – Kolnes2
1 – 8 (1 – 6)
0 -1 (4. min)
0 -2 (18. min)
0 -3 (20. min)
0 -4 (23. min)
0 -5 (25. min)
1 -5 (26. min, straffe)
1 -6 (30. min, straffe)
1 -7 (50. min)
1 -8 (89. min)
Dommar: Jon Bruvik, Sveio IL
Om lag 10 tilskodarar