Tapte for kommunen

Bakgrunnen for saka er at Etne kommune i 2003 godkjende ein byggesøknad frå Hus, men […]

Bakgrunnen for saka er at Etne kommune i 2003 godkjende ein byggesøknad frå Hus, men sette særskilde vilkår knytt til avløpssystemet. I januar 2004 vedtok kommunen å gje Hus tvangsmulkt på 1000 kroner dagen frå juni same år, dersom ikkje avløpssystemet var etter gjeldande regelverk.
I mellomtida fekk Brynjulv Hus godkjent eit mindre omfattande avløpsanlegg av kommunen. Likevel vart saka om tvangsmulkt oppretthalden.
Før det godkjende avløpssystemet var ferdig, var summen av tvangsmulkt blitt 180.000 kroner. Hus klaga på vedtaket om tvangsmulkt, men fekk ikkje medhald verken i kommunen eller hos Fylkesmannen i Hordaland.
Betalar ikkje
I fjor gjekk Hus difor til sak mot kommunen for å få tvangsmulkta oppheva. Kommunen på si side meinte søksmålet måtte avvisast. Etter kommunen sitt syn var det staten ved fylkesmannen som var rette motpart. Dette fordi fylkesmannen var siste instans som opprettheldt vedtaket kommunen først gjorde.
Dette synet har Sunnhordland tingrett no gjeve Etne kommune medhald i. Samstundes er Hus dømd til å betala 28.000 kroner i sakskostnadar.
– Eg forstår ikkje kvifor eg skal gå til sak mot fylkesmannen. Det er Etne kommune som har sendt meg krav og purring på 180.000 kroner. Saka vil sjølvsagt bli anka, seier Brynjulv Hus som ikkje har planar om å betala mulkta frå kommunen.
Ikkje overraska
– Resultatet var ikkje uventa. Etter vårt syn hadde denne saka ingenting i rettsapparatet å gjera. Det er staten ved fylkesmannen som er rette instans for søksmålet, seier ordførar Amund Enge i Etne.
Kommunen held fast på kravet mot Hus. Enge er glad for at kommunen vann fram med sitt syn, men gler seg ikkje over at Brynjulv Hus no må betala kommunen sine sakskostnadar i tillegg til tvangsmulkta. –
– Tvangsmulkta må betalast. Det finst framgangsmåtar på å få det til, seier Enge.