Tapte jamn kamp

Fotball, 4 div, menn, avd 02. GrannKam Vindafjord – Skudenes, 1-2 (0-1) 0-1, Skudenesspelar, 28 […]

Fotball, 4 div, menn, avd 02.
GrannKam Vindafjord – Skudenes, 1-2 (0-1)
0-1, Skudenesspelar, 28 min.
1-1, Bjarte Opsal, 48 min.
2-1, Skudenesspelar, 85 min.
Gule kort:
Magnar Larsen og Espen Vaka, Grannkam Vindafjord
Dommar: Kåre Pedersen, Haugesundskameratene
Om lag 40 tilskodarar

Etter å ha vunne solide 4-0 mot Kolnes sist helg, hadde Grannkam Vindafjord forhåpningar om å hente tre nye poeng i sin fyrste heimekamp laurdag. Det mangla ikkje på godt fotballspel og gode sjansar, men det mangla mål.
— Me var vel kanskje like gode i dag som sist helg mot Kolnes, men marginane var ikkje på vår side i dag, seier trenar for Grannkam Vindafjord Frank Abelseth.
Første omgang var underhaldande og det var store sjansar til begge lag, der også fleire sjansar vart redda på målstreken. Etter tjueåtte minutt var det derimot Skudenes som tok leiinga på eit innlegg der ein Skudenesspelar fekk skote direkte i mål. Eit heller ufortent mål, då heimelaget hadde vært svært nære på å scora opptil fleire gonger før.
Marginane avgjer
Andre omgang starta med heimelagets store overtak, etter gode ord frå trenar i pausen og ny energi innhenta. Etter berre tre minutt fekk Bjarte Opsal ballen endelig inn etter mykje kluss inne i feltet. Store sjansar og overgangar kom i løpet av andre omgang, men Grannkam Vindafjord vart stoppa føre sekstenmeteren eller skaut ballen rett utanfor.
— Me hadde jo sikkert ti sjansar som me skulle fått nokre fleire mål ut av. Me har eit godt mannskap, men det var periodar med dårleg innsats og me datt nedpå, seier Abelseth.
Kring fem minutt før slutt fekk bortelaget nok eit mål, etter dårleg markering og noko kluss i forsvaret. Taktiske inngrep måtte gjerast, og kaptein Bjarte Rørtveit vart flytta opp som spiss for å kriga, men utan det store hellet.
— Me kan ikkje skylda på uflaksen og humpete bane, men det er veldig bittert for laget å tapa ein kamp me hadde fortent å vinna.