Brusand sjokkopna, og sette inn to mål før spelarane var skikkeleg varme i trøya. Med litt meir observant keeperspel kunne kanskje eine målet ha vore unngått, men det er slikt som alltid er lettast å sjå frå tribunen.
3-0-målet var ei skikkeleg perle. Brusand fekk frispark like utanfor sekstenmeteren. Praktisk talt heile GrannKam-forsvaret samla seg i mur, men Jan Erik Tuen dundra ballen gjennom muren og rett i nota bak Olav Anders Helgevold.
Brusand dominerte
Gjestene frå kunstnarbygda der Jæren møter Dalane hadde ballen mest, og dei pressa heimelaget over på defensiven den første dryge halvtimen av kampen. Like fullt var det i denne perioden at også GrannKam fekk scoringane sine. Tore Christiansen reduserte til 1-3, og Magnar Larsen sette inn eit straffespark etter tretti minutts spel. Fleire mål skulle det ikkje bli i denne kampen.
Etter dette endra fotballkampen karakter, og det same gjorde vêret. Tørr bane og strålande sol blei avløyst av ein serie apokalyptiske regnbyer. I plaskregnet tok heimelaget etter kvart over kommandoen over midtbanen, men dei var sjeldan farlege i angrep. Brusand var nær ved scora to gonger til mot slutten av omgangen, den eine gongen etter ei gåvepakke frå GrannKam-forsvaret.
Sigbjørn Tysvær kunne ha utlikna for GrannKam rett før pausen, men han tråkka over nett i det han skulle til å skyta.
GrannKam spelte ball
Andreomgangen var mindre underhaldande enn den første, noko det ufyselege vêret må ta sin del av skulda for. GrannKam eigde etterkvart midtbanen, men Brusand tetta godt att i forsvaret. Heimelaget trilla ball, men jærbuane var vel så farlege når dei kom på gjennombrot.
Bjarte Rørtveit synte seg gong på gong fram som GrannKams og banens beste spelar. I andre omgang greidde han ved fleire høve å beina ballen vekk i aller siste augneblinken, og hindra på den måten det som elles ville ha blitt feite hundreprosentsjansar og sikre scoringar for bortelaget.
Rørtveit var også aktivt med i angrep dei få gongene GrannKam lukkast i å trengja gjennom Brusandforsvaret. Tore Christiansen imponerte med gode driblingar og presise innlegg. Elles heva ingen GrannKam-spelarar seg over standard fjerdedivisjonsnivå.
4. divisjon avd. 2
GrannKam-Brusand 2-3 (2-3)
0-1 Leif Erik Friestad (2. min.)
0-2 Erik Vestby (4. min.)
0-3 Jan Erik Tuen (12. min.)
1-3 Tore Christiansen (19. min.)
2-3 Magnar Larsen (str., 31. min.)
Eitt gult kort til kvart lag
Dommar: Tony Liestøl, Haugar