Tapte mot favorittar

Fotball, 5. div, menn, avd. 04 Vats 94 – Djerv 1919 1-3 (0-2) Målscorarar: Asbjørn […]

Fotball, 5. div, menn, avd. 04
Vats 94 – Djerv 1919 1-3 (0-2)
Målscorarar: Asbjørn Helgeland (17)
Kjell Arvid Håland (30) (83)
Joakim Frøland (89)
Gule kort: Kjell R. Nesheim, Vats 94
Jarle Sjurseike, Vats 94
Raymond Ravanelli, Djerv 1919
Dommar: Arne Tveit, Sveio
Tilskoderar: Ca. 30

Djerv 1919 fekk kampen inn i sitt spor frå starten av. Dei produserte fleire gode sjansar og hadde ballen mest. Etter eit kvarter av spelet kom den første store sjansen: Djerv 1919 hadde corner, men eit godt forsvarsspel frå Vats 94 hindra ballen i å nå nettmaskene. Men bortelaget gav ikkje opp, berre to minutt seinare fekk laget frispark. Asbjørn Helgeland, veteranen frå FK Haugesund, viste at gamle kunster framleis ligg latent i foten. Frå kring 35 meters hald skaut han ballen rett i mål, og førte bortelaget opp i leiinga. Vats prøvde og prøvde, men fekk aldri taket på motstandarane. Etter ein halvtime fekk Djerv 1919 corner, og etter litt klabb og babb ved mål klarte Kjell Arvid Håland å styre ballen inn med hovudet. Dette resultatet stod seg til pause. Vats 94 hadde nokre gode sjansar i byrjinga av 2. omgang, men ballen kom aldri i mål. Det vart litt ampert til tider, og det hadde kanskje noko med at det vart ein ”nesten dag” for Vats 94. Det ville seg ikkje, sjølv om dei prøvde aldri så mykje. Djerv 1919 kvilte heller ikkje på laurbæra og dei heldt ved like det gode presset, sjølv om dei hadde ei komfortabel leiing. Forsvaret til Vats hadde rikeleg med arbeid, og fem minutt før slutt fekk bortelaget inn sitt tredje mål. Også denne gongen var det Kjell Arvid Håland som var målscorar. I det siste speleminuttet fekk Vats eit svært etterlengta og fortent mål: Joakim Frøland reduserte til 1-3. Trass i tap, bør Vats 94 vera fornøgde med å ha halde oppe arbeidsmoralen gjennom heile kampen.