I følgje GrannKam trenar Frank Robert Abelseth var innsatsen til spelarane prega av dette.
— Me var veldig nervøse før denne kampen med tanke på nedrykk. Me måtte vinna denne gongen, seier han.
Den første omgongen var ikkje imponerande. Det meste skjedde stort sett på midten av banen. Nervøsiteten til spelarane må ha vore noko av grunnen til dei mange farlege taklingane i løpet av kampen.
Midt i den første omgongen skåra Kjell Andre Stensland frå GrannKam det første målet, men resultatet blei raskt jamna ut då Riska FK utlikna berre to minutt etter. I midten av fyrste omgang fekk bortelaget straffe. Straffesparket til Riska FK gjekk i tverrleggjaren.
Resten av første omgong var prega av farlege taklingar og upresise pasningar.
Dramatikk
Heilt frå starten av den andre omgongen var det meir fart i spelarane på GrannKam. Dei gleda publikum med mål nummer to i starten av omgongen. Men spelet var tett og taklingane var av og til hårreisande.
I femte minuttet av 2. omgang fall Jan Erik Østbø frå GrannKam i bakken etter eit tøft samanstøytt. Han blei bore ut og ambulansen vart tilkalla. Østbø blei skadd i den høgre leggen og viste tydelege teikn på smerte. Undersøkinga på legevakta viste at leggen til Østbø var sterkt forslått, men ikkje brekt.
Berre to minutt seinare låg Bjarte Opsal frå GrannKam på banen. Han måtte bruka ei stund på å komma seg, etter eit stygt spark i skrittet.
Tabba seg ut
GrannKam leia kampen, men to store tabbar frå keeper gav to bonusmål til Riska FK. Den eine tabben var eit kommunikasjonsproblem mellom keeper og forsvaret. Det andre tabbemålet var nesten eit sjølvmål. Keeper Espen Vestbø sende ballen i ryggen på eigen spelar. Ballen hamna hjå motspelar som sparka han i mål. Stillinga blei 3:3.
Etter at Riska FK jamna ut resultatet igjen, blei spelet synleg prega av nervøsiteten på begge sider. Kjell Andre Stensland protesterte mot dommarens vurdering og fekk gult kort. Eit par minutt seinare blei Bjarte Opsal rive ned av forsvaret til Riska FK. Litt seinare gjekk Vidar Lillehammer i bakken og GrannKam fekk straffe. Espen Vaka fekk i oppgåve å ta straffesparket, og endra stillinga til 4:3 til GrannKam.
Men eitt minutt på overtid fekk Riska FK mål og stillinga blei 4:4.
— Me ligg dårleg an. Me har alt for lite spelarar i utgangspunktet, og lite tid til å trena saman. Difor er situasjonen frustrerande, men stemninga på laget er likevel god, seier Frank R. Abelseth.
4. divisjon, avd 02
GrannKam Vindafjord – Riska FK
4 -4 (1 -1)Ølen stadion
1 -0: Kjell Andre Stensland (20. min)
1 -1: (22. min)
2 -1: Bjarte Rørtveit (47. min)
2 -2: (50. min)
3 -2: Sigbjørn Tysvær (63. min)
3 -3: (73. min)
4 -3: Straffe ved Espen Vaka (86. min)
4 -4: (91. min)