— Det er ei heilskapleg vurdering som ligg bak at vi har stilt oss til disposisjon for Høgre si liste til neste val. Vi vil ha gjennomslag for dei politiske sakene vi brenn for, og bygdeliste er ikkje det beste for å nå dette målet, seier Terje Kleiven.
Saman med Ottar Ohm og Øyvind Haraldseid forlét han Tverrpolitisk liste for Vats/Skjold ved kommunevalet til hausten.
Spann med Høgre
Ohm meiner det kan bli mindre interessant å vere politikar for bygdelister når kommunestyret blir redusert frå 33 til 25 representantar etter valet neste haust. Bygdelista kan bli for lita, er vurderinga
— Det er ikkje opp til oss å leggje ned lista, men eg reknar med at det blir slik sidan representantane for lista melder overgang til Høgre, seier Ottar Ohm.
Tverrpolitisk har i lengre tid gått i spann med «opposisjonen» Høgre og Frp i fleire sentrale saker. Det gjeld eigedomsskatt, men ikkje minst forslag om privatisering av kommunale tenester der barnehagane var det siste aktuelle temaet. Tverrpolitisk har markert seg ved å gå inn for hardare lut i den nye kommunen med større omveltingar både når det gjeld skule og eldreomsorg.
— Vi har studert partiprogramma og vi har hatt felles syn med Høgre i viktige enkeltsaker. Vi står nærmast dei, seier Terje Kleiven.
Det er tre erfarne lokalpolitikarar som melder overgang til Høgre. Øyvind Haraldseid var med å starte Tverrpolitisk i 1987, og har hatt plass i kommunestyret i gamle og nye Vindafjord sidan
1991. Ottar Ohm har representert lista sidan 1995, medan Terje Kleiven kom inn i 1999.
Hatteland opna
Det er ei kjend sak at Tverrpolitisk ikkje har vore på godfot med tidlegare ordførarkandidat Dagfinn Torstveit frå Høgre. Haraldseid stadfestar at skiftet til Tone Hatteland som kandidat, var avgjerande for at dei valde Høgre. Alternativet var å leggje ned lista i det stille.
Det store spørsmålet er korleis veljarane til Tverrpolitisk vil vandre ved neste kommuneval.
— Det veit ein aldri. Men den responsen vi har fått, er positiv, seier Haraldseid.
Men inntil vidare representerer dei Tverrpolitisk og står ved samarbeidsavtalen med ordførarkoalisjonen ut perioden.