Stordabuen Inger Karin Larsen ser at fallhøgda kan bli stor dersom dei ikkje lukkast med hotelldraumen. Dei 25 siste åra har ho i mange roller gitt råd til andre om korleis dei skal drive og starte bedrifter.
Ho har vore ei høgt profilert talskvinne for næringsutvikling, og i den seinare tid med direkte rådgiving for leiarar og bedrifter som vil utvikle seg.
Trass i flat bedriftskultur, er det ingen tvil om at ho må finne seg i at ho blir synonym med hotellet i tida framover. Ho har ei synleg fartstid bak seg, med mellom statssekretærjobb i Næringsdepartementet under Grete Knudsen, etterbruk i kjølvatnet av OL på Lillehammer og fartstid i Samarbeidsrådet for Sunnhordland.
Sekstett tar over
— Eg har predika for andre i mange år, og no får eg prøve sjølv. Det blir ein slags eksamen for meg dette. Enkelte har spøkt med at om eg ikkje lukkast med dette, kan eg slutte å gi råd til andre, seier Inger Karin Larsen.
— Det er vel ingen tvil om at vi skal lukkast med dette. Utfordringar er noko vi likar, seier Lars Inge Larsen.
Det sekstetten i den nye eigargruppa manglar i konkret hotellerfaring, tar dei rikeleg igjen gjennom andre erfaringar i næringslivet. Inger Karin Larsen har saman med ektefellen Leif Kåre Kaldestad aksjemajoriteten i den nye hotellselskapet som er under stifting. Kaldestad er frå Kvinnherad og driv Sunde Transport. Bror Lars Inge Larsen er prosjektleiar i eit operatørselskap i Statoil med base i Stavanger. Han har også ektefelle frå Skånevik.
Dei har også med seg Kjetil Nedreskår som driv byggfirma i Tysvær.
Felles knutepunkt er at alle har familiær tilkyting til minst ein av dei andre.
God respons
Den sterkaste lokale tilknytinga i eigargruppa har ekteparet Gro Aasheim Bøthun og Øyvind Bøthun. Førstnemnde driv blomster- og gåvebutikk i Skånevik, og ho har også arbeidd ved hotellet med marknadsføring då familien Jørgensen dreiv hotellet.
Både ho og Inger Karin Larsen hadde feriejobb på hotellet i ungdommen.
— Det er kanskje ikkje så mange som visste om at vi har kjøpt hotellet før i dag. Men det eg har høyrt av respons på bygda er glede over det som skjer, fortel Bøthun.
— Eit fellestrekk er at vi synst Skånevik er ein fin plass og at det er interessant å drive hotellet vidare, seier Leif Kåre Kaldestad.
Humør og helse
Inger Karin Larsen har ingen revolusjonerande nye innspel om korleis hotellet skal dra gjester og bli ein oppegåande butikk. Målet er å fylle hjulet året rundt med det som er vanleg på hotell.
Men kurs og konferansar blir eit viktig innslag. Ein helsedel kan også bli aktuell. I festivalbygda Skånevik kan hotellet vere medspelar for alt det er verd. Samarbeid med andre typar aktørar i regionen, er også på agendaen.
— Vi har mange tankar. Men vi skal i første omgang få inn humør og smil i hotellet. Det er viktig for at både tilsette og gjester skal trivast. Eg har eit breitt nettverk som vi kan dra nytte av, fortel Inger Karin Larsen.
Verken Larsen eller nokon av dei andre skal gi opp jobbane sine med det første, ei heller flytte til Skånevik. I første omgang blir det dugnad av eigarane pluss at hotellet skal leige inn hjelp på timebasis.
— Vi tar det roleg i starten og ser korleis det går, men målet er å gå over til fast tilsette, fortel Larsen.
Hotellet skal drivast som ein flat struktur der eigarane tar del på ulike vis, men sjølv om alle er sjefar blir det Inger Karin Larsen som får tittelen dagleg leiar.
Hotell med bagasje
Skånevik Fjordhotel har i dei seinare åra relativt sett skifta drivarar like ofte som andre skifter skjorte. Seks forskjellige på seks år, skal vere fasiten. Bøttevis av medieomtale som ikkje har vore med på å styrke hotellet sitt omdømme, er også ein del av historia.
Men det har langt frå skremt dei nye eigarane av hotellet.
— Det er ei ekstra utfordring sidan vi startar på minus når det gjeld
tillit til hotellet. Det må vi arbeide opp igjen, og kundane må vere trygge på at vi blir her også i framtida, seier Larsen.
Planen er å overta hotellet i starten av april. Dei første oppdraga på blokka er ei bursdagsfeiring og eit kurs.
Tar eksamen i hotelldrift
Stordabuen Inger Karin Larsen ser at fallhøgda kan bli stor dersom dei ikkje lukkast med […]