— Eg meiner politikarane har eit tungt ansvar. Eg har fått til svar at dei sjølve ikkje ville sleppt ungane sine ut på denne skulevegen. Samstundes meiner dei at vi skal ta risikoen. Når vegen er trafikkfarleg, kan dei ikkje meine at vi skal stå for skyssen sjølve, seier Laila Flatebø.
Saman med Tora Lilledal og Elise Grindheim meiner ho at det burde vere sjølvsagt med fri skyss for alle elevar i grunnskulen på denne strekninga, sidan kommunen har definert den som trafikkfarleg.
Men fri skyss gjeld berre til og med 5. klasse for dei som har mindre enn fire kilometer lang skuleveg.
Farleg for alle
— At du har fylt 10 eller 11 år burde ikkje bety noko på denne strekninga. Den er farleg for alle. Vaksne har fortalt at dei har klamra seg til autovernet i møtet med trailerar og personbilar. Det er berre gang- og sykkelveg som er trygt, seier Tora Lilledal.
Men dette kravet har ikkje nådd fram i Etne kommune. Saksbehandlaren har til og med formulert seg skriftleg om at det er sunt for elevane å måtte ferdast på trafikkfarleg veg i denne alderen.
— Eg har aldri tenkt på det som aktuelt at denne vegen berre skulle vere farleg opp til 10 år. Eg har tatt det for gitt at dette må vere den mest trafikkfarlege strekninga i kommunen. Alle bør stille likt når det er trafikkfare, seier Elise Grindheim.
Blant dei verste
Døgntrafikken på E134 mellom Håfoss og sentrum er rundt 4.000 køyretøy, og svært mange av dei er trailerar og vogntog. Strekninga har fleire flaskehalsar med partiet ved brua og bakketoppen ved Etne Camping som ei av dei verste.
Laila Flatebø har ein skuleelev som ikkje lenger har rett på skuleskyss fordi det manglar 200 meter på fire kilometer mellom skule og heimen. Grindheim og Lilledal har hatt og vil få elevar ved Enge som etter dagens regelverk ikkje har rett på skyss.
Men dei har i lengre tid engasjert seg for at folk som bur i sørbygda skal få ein tryggare veg til sentrum. Det er seks år sidan dei hadde ein underskriftsaksjon for gang- og sykkelveg. Men lite har kome ut av initiativet deira.
For passiv
— For to år sidan skreiv eg eit brev til kommunen med spørsmål om kva som skal til for å få framdrift i spørsmålet om gang- og sykkelveg. Eg fekk aldri svar på dette brevet. Etne har ikkje akkurat stått i bresjen for å skaffe seg trygg ferdsel inn til sentrum. Det har skjedd lite på veldig mange år, seier Tora Lilledal.
Flatebø meiner dei må få dispensasjon frå grensa på fire kilometer så lenge det ikkje er gang- og sykkelstig, og alternativet er ein farleg Europaveg for ungane.
For inneverande skuleår er det ni elevar som fell utanfor dagens regelverk. For å skaffe gratis skyss til alle skuleelevane på denne strekninga, vil det koste kommunen 41.000 kroner.
Administrasjonen i Etne kommune meiner dei må endre regelverket for skuleskyss for å kunne gi klarsignal, og det er dei ikkje innstilte på.