Tar miljø på alvor

Men det nyttar å ikkje gi opp, men å stå på for det ein trur […]

Men det nyttar å ikkje gi opp, men å stå på for det ein trur på. Det har vist seg ved mange høve. Ved å bla gjennom bilaget Vårpuss i dagens Grannar, får me eit bevis på det.

Sytten år gamle Mari Vestbø hadde ikkje før lagt Idol-jakka frå seg, før ho tok på seg ei ny. Denne gongen for miljø. Til hausten og vinteren skal ho saman med WWF reisa på skular i Sør-Noreg og halda foredrag om naturvern og dyr sine rettar.
Engasjementet for miljø har ho hatt frå ho var lita jente heime i Sandeid. Saman med venninnene Madeleine Lærdal og Maria Toresen gjekk dei rundt i Sandeid og plukka boss. Saman med andre venninner inngjekk ho for to år sidan ei pakt om at dei aldri skulle kasta boss i naturen. Det har dei klart, utan at Mari tykkjer det er noka bragd. — Det er jo ikkje vanskeleg. Ein finn jo alltid eit boss-spann, seier ho.

Men det er ikkje berre Idol-Mari som gjer ein innsats for miljøet i nærområdet vårt. I Vats har dei slått to fluger i ein smekk. Bondelaget saman med verksemda som skal hogga opp stål på Raunes, har gått saman om å samla inn jernskrap til gjenvinning. Pengane dei får for det skal gå til oppussing av kyrkja i bygda. Eit glimrande tiltak.

Og når me i same avisa kan lesa kor lang tid det tar å bryta ned ulike produkt i naturen, ser me enda tydelegare kor viktig miljøarbeid er. Plastposar tar det til dømes 10-20 år å bryta ned. Glas meir enn ein million år. Brusflasker i plast opptil 400 år.
Men som Mari seier er ikkje miljøarbeid så vanskeleg. Det er berre å hugsa på det. Som med så mykje anna er det haldningane våre det handlar om. Som diktaren seier: Tar kvar av oss våre vesle stein, blir snart vår åker rein.