Tar opp kampen med dei beste

Thomas Vestbø gjekk inn til ein oppsiktsvekkande sterk 13. plass søndag. Skigymnasiasten var oppe på […]

Thomas Vestbø gjekk inn til ein oppsiktsvekkande sterk 13. plass søndag. Skigymnasiasten var oppe på ein sjuandeplass på fellesstarten. Men fekk tempoproblem mot slutten. Vestbø sleppte forbi seg seks løparar på dei siste kilometerane. Han var likevel strålande fornøgd med sin eigen innsats. Thomas la ikkje skjul på at han fekk full utteljing. Trass i at han måtte finne seg i å starte eit stykke bak dei beste. Fjorårets noregscupliste blei nemleg lagt til grunn for seedinga. Andreårsjunioren stod over fredagens sprint. Han var sår i halsen og tett i brystet. Stortalentet bestemte seg for at han ikkje skulle ta nokon sjansar.
— Eg er betre i vanleg langrenn enn sprint. Sånn sett var det nok lurt av meg å bruke mest mogleg energi på dei to andre renna. Laurdagens 27. plass var eg fornøgd med. Topp 30-plasseringar er målet når eg stiller til start i noregscuprenn. Det eg presterte i fellesstarten var ennå betre. Forstod på eit tidleg tidspunkt at det kunne bli ei bra plassering dersom eg stod distansen heilt inn. Fekk som sagt litt fartsproblem i forhold til dei beste mot slutten. Men eg var på langt nær den einaste som sleit med å følgje teten, sa Thomas til Grannar. Det var ein blid og sliten tenåring som tok av seg skiene i målområdet.
Junior-NM
— Kva betyr det for motivasjon at du oppnår resultat som dette, Thomas?
— Det er veldig inspirerande å sjå at det er fullt mogleg å ta opp kampen med dei beste. I vinter har eg som mål å kvalifisere meg for noregscupfinalen. Det er dei 30 beste i min klasse som får vere med der. Eg må nok ta poeng både i noregscuprenna på Røros og junior-NM i Steinkjer, for å komme meg til Vadsø. Føler det er mogleg dersom eg held meg frisk, sa Thomas. Sjukdom spolerte sjansen i fjor. Omgangssjuke førte til at han mista alle dei tre individuelle renna i junior-NM i Molde. Det siste halve året har han trent veldig bra.
Thomas kombinerer langrennssatsinga med skulegang på Hovden. Der er det sjanse for dei som ønskjer å satse. Vestbø følte han måtte flytte på seg for å henge med. Han oppheldt seg mange timar i bilen då han gjekk på ungdomsskulen heime. Snøen måtte som regel oppsøkjast.
I Sandeid er det få dagar i året det er skikkelege snøforhold.
— Eg har aldri angra på at eg flytta på hybel. Føler eg har hatt fin framgang etter at eg begynte på skigymnaset, sa Thomas. Junior-NM i Nord-Trøndelag blir neste store oppgåve. Før det har han tenkt å vere med i kretsmeisterskapet og andre lokale renn.