Tar skulefred før valet

I tillegg til at det er kommuneval for nye Vindafjord i september samstundes med Stortingsvalet, […]

I tillegg til at det er kommuneval for nye Vindafjord i september samstundes med Stortingsvalet, er det også eit mål for politikarane å unngå å starte samanslåinga med bråk om skulenedlegging. Det ville vere å utfordre opinionen dersom det første temaet i nye Vindafjord blir kamp om skulane.
Difor er det også eit lett val for politikarane å skrive under på skulefred.
Fredar skular og timar
Fem politikarar frå fellesnemnda (formannskapa i Ølen og Vindafjord) ha deltatt i ei arbeidsgruppe som har tatt for seg skulane og barnehagane i nye Vindafjord. I følgje denne arbeidsgruppa bør det aller meste vere slik det er. Det er ingen skule som kan leggje ned utan at ein annan må byggje ut.
Både skulane og rammetimetalet blir dermed freda. Det blir også konkludert med at det ikkje er nokon gevinst å hente på at skular får felles rektor. Politikarane som har deltatt i arbeidet er Per Bakkedal (Sp), Rune Hetland (Vikebygd bygdeliste), Ingrid Steinsland (Bjoa bygdeliste), Anita Heggebø (Ap) og Ottar Ohm (Tverrpolitisk liste for Vats og Skjold).
Rektor i barnehage
Derimot blir det konkludert med at rektorane ved skulane i Imsland, Vikebygd og Bjoa også skal vere leiar for barnehagane i dei respektive bygdene. Det betyr at leiarjobben ved desse tre barnehagane blir overtatt av rektor.
Rapporten er sendt over til prosjektleiar Helge Thorheim som skal lage ei innstilling som går via arbeidsutvalet og vidare til fellesnemnda. I følgje Vats-politikaren Ottar Ohm er det ønskjeleg med ro omkring skulestrukturen i den nye kommunen.
— Vi vil ha ro om skule i samanslåinga og ikkje gjere noko som er negativt for ei god samanslutning. Det er ikkje store sparepotensial i skulesamanslåing. Vi bør difor ha barneskular i bygdene slik som i dag. Det bør i alle fall danne grunnlag for ro i to år framover, meiner Ohm.
Heller ungdomsskule
Ingrid Steinland frå Bjoa har i mange år hatt bevaring av skulen i bygda som den dominerande og langsiktige saka å kjempe for.
— Skal det bu folk i bygdene må vi ha skule. Så enkelt er det. På lang sikt er det ikkje noko å tene på å leggje ned skulen fordi unge folk ikkje vil bu der det ikkje er skule. Difor må ein ikkje tenkje på for kort sikt når ein er ute etter å spare pengar, meiner Steinsland.
Ho kunne godt tenkje seg å bevare alle barnehagane med eigen styrar. Men ho kan vere villig til å gå med på at rektor overtar barnehagen for å spare litt pengar.
— Det er nok meir fred om skulesaka i eit valår, men vi må setje vår lit til at politikarane skal møte veljarane kvart fjerde år, seier Steinsland.
Ho håpar den nye kommunen står saman om å oppretthalde skulane, men ho er likevel ganske sikker på at skulenedlegging vil dukke opp igjen.
— Kjem vi i den situasjonen at vi må gjere noko, så vil eg arbeide for at ein av ungdomsskulane blir lagt ned, slik at vi sit igjen med to ungdomsskular, seier ho.