Det siste halvanna året er fire saker med mistanke om trygdesvindel i Etne meldt til politiet.
— Sett i forhold til folketalet er det ganske mange, og viser at nokon lar seg freiste. Men det viser også at kontroll avslører misbruk, seier Anne Gunn Bjørnevik.
Tar risiko
Ho er juridisk konsulent i trygdeetaten sitt ressurssenter i Kvinnherad og har hovudbase på trygdekontoret i Etne. Bjørnevik har ansvaret for å ta seg av feilutbetalingar i Sunnhordland og delar av Hardanger, og det er eitt av sjekkpunkta der trygdeetaten avslører misbruk.
— Risikoen for å bli oppdaga blir stadig større, og kostnaden for den som blir avslørt, kan bli stor. Folk kjem i eit økonomisk uføre når dei skal betale tilbake, og det kan også bli snakk om fengsel. Domstolane ser alvorleg på trygdemisbruk, seier ho.
Ho seier trygdeetaten ikkje ser på beløpet når politimelding blir vurdert. Eit småbeløp kan vere nok dersom siktemålet er å misbruke systemet. Derimot kan det skje glipp som blir ordna opp med tilbakebetaling av beløpet.
Fleire bli tatt
På landsbasis er det rekordmange som er blitt melde til politiet for trygdemisbruk til no i år. Auken er 17 prosent samanlikna med same periode i fjor. Ved utgangen av august, var 244 personar melde til politiet. I tillegg kjem misbruk av arbeidsløysetrygd som Aetaten tar seg av.
— Over tid blir det ganske mange millionar. Velferdsordningane handlar om tillit mellom samfunnet og den enkelte. Misbruk er eit trugsmål mot velferdsordningane. Kontroll med at det ikkje er folk som hever trygd samstundes som dei arbeider, er difor viktig, seier Bjørnevik.
Dei fleste sakene ho er borte i gjeld einslege mødrer som får støtte sjølv om dei lever saman med barnefaren, og folk som hever sjuketrygd eller uføretrygd samstundes som dei arbeider.
På landsplan er det flest avsløringar om misbruk av sjukepengeordninga. For trygdeetaten er svart arbeid den største utfordringa sidan vanleg arbeid er lettare å avsløre gjennom samarbeid med forskjellige instansar.
Anonyme tips
— Vi får av og til anonyme tips om mogleg misbruk, og det set vi pris på. Eg ser ikkje på det som angiveri. Folk reagerer på misbruk fordi det er urett, og kanskje nokon er misunnelege. Uansett er det kriminalitet på linje med andre straffbare forhold folk rapporterer til politiet, seier ho.
Bjørnevik presiserer at dei aller fleste som mottar trygd er hederlege folk som tar del i velferdsordningar dei har rett på. Ho meiner det er ein liten minoritet som undergrev velferdsordningar ved å misbruke dei.