— Eg ser at det er pengar å spare på å handtere bosset betre og sortere mest mogleg ut til gjenvinning. Men det har også betydning for oss å kunne bidra i rett retning når det gjeld miljø, seier Frode Berge hos Kiwi.
Han har brukt rundt 35.000 kroner i året i renovasjon, og butikksjefen ser det som fullt mogleg å spare rundt 20.000 kroner på å ta styring over bosset.
Heile 95 prosent av det som gjekk i restavfallet før, blir no sortert til gjenvinning.
Det meste til gjenvinning
Butikken i Ølensvåg har hatt ein container på åtte kubikkmeter, eller 8.000 liter, til restavfall. Etter at miljø og kjeldesortering kom på dagsorden, kan restavfallet få plass i ein dunk som ikkje er så mykje større enn det vanlege hushald har. Resten går til gjenvinning.
Omveltinga skjer i samarbeid med Haugaland Industrivask som har ansvaret for at butikken er rein og rydda før ein ny arbeidsdag startar. Butikken og reingjeringsselskapet har i fellesskap laga ein avfallsplan med rutinar.
— Vi gjekk gjennom sekkene med restavfall og det var svært lite som ikkje kunne gå til gjenvinning. Restavfallet er redusert til fem prosent av det det var. Det er snakk om ein snuoperasjon, og det medfører ikkje meir arbeid for oss, tvert imot, seier Dag Anders Hornenes i Haugaland Industrivask AS.
Han vil ta erfaringane frå Kiwi med seg til andre kundar dei vaskar for.
Puff bak
— Norges-gruppen har retta søkjelyset på avfallshandtering og vist eksempel på kor mykje ein kan spare på å redusere restavfallet og sortere meir. Det var eit puff for oss til å gripe fatt i vår praksis, seier Frode Berge.
Den økonomiske gevinsten ligg i at det er billigare å levere avfall til gjenvinning enn til restavfall som går rett i deponiet hos Toraneset Miljøverk. Lokalt er det Øyane ASVO i Etne som har jobben med å hente inn returavfall frå butikkar.
Ein av erfaringane hos Kiwi er at det er blitt meir ryddig gjennom å ha eit system for kjeldesortering.
— Når vi kan fortelje om dette eksempelet om at fire sekker blir til ei god handfull med boss, så klarer folk å forstå at her er noko å hente. Vi vil ha avfallsplan som ein del av vår dagsorden i samarbeid med kundar, seier Hornenes.
Tilsette med
Kiwi har sortert avfall som papp og plast også tidlegare. Snuoperasjonen handlar om å gjere det meir konsekvent og gjennomført ved å skaffe seg betre rutinar.
— Det handlar om haldningsendringar og å få alle tilsette med på det. Endringa har gått veldig bra og det er relativt lettvint. Når rutinane er på plass, er det ikkje noko meirarbeid å sortere bosset frå starten av. Det er snakk om å skjerpe fokuset, forklarer Frode Berge.
Han meiner også kundane kan bli meir medvitne kva dei kastar når dei til dømes leverer returflasker. Det er langt frå alltid returflasker kundane har med seg.
Frode Berge har også oppdaga at strengare sortering av matavfall fører til eit meir kritisk blikk på innkjøp av varer.