Tar styringa i Coop Marked Skjold

Sidan førre månadsskifte har Thomas Kolstø (31) vore på plass som ny sjef i butikken […]

Sidan førre månadsskifte har Thomas Kolstø (31) vore på plass som ny sjef i butikken i Skjoldavik. Han kom inn i biletet samstundes som fusjoneringsprosessen med Coop Haugaland blei ein realitet. Det tidlegare samyrkelaget har blitt til Coop Marked Skjold.

Breiare vareutval
— Kva blir hovudutfordringa med butikken?
— Å gjere den endå meir attraktiv, halde på dei kundane me har, og få endå fleire til å bli medlem. Målet no er å få ein oppjustert butikk som følgjer profilen til Coop Marked. Den er kjenneteikna ved eit litt breiare vareutval enn Prix-butikkane, og det gjer at me kan fylle rolla som ein nærbutikk, svarar butikksjefen.
Han kjem frå Haugesund, men har jobba som butikksjef for ein Lidl-butikk i Florø før han nyleg fekk jobben i Skjold. No har han flytta tilbake til heimbyen, og pendlar derfrå.
— Men familien har landstad i Skjold, så området her er ikkje framand for meg, slår han fast.
Kolstø har jobba i ei årrekkje i daglegvarebransjen, og han har også ei høgskuleutdanning innan varehandel bak seg.

Får konkurrent
I løpet av næraste framtid er det planlagt ein Kiwi-butikk i Isvik, og Kolstø ser det som ei utfordring å få denne konkurrenten i nabolaget.
— Me må heile tida prøve å gjere kundane nøgde, svarar han på spørsmål om korleis Coop Marked Skjold vil møte denne konkurransen.
Den siste tida har butikken i Skjoldavik byrja å sende ut tilbodsbrosjyrar til folk kvar veke, og i butikkhyllene er dei fleste varene lagt om etter vareutvalet til Coop Marked-kjeden. Utvalet innan mellom anna gåveartiklar, jernvare og gjødsel held fram.
— Butikken skal vere ein møtestad, slår den nye butikksjefen fast.