Tatt for mopedrus

Ein 27 år gammal mann frå Skånevik vart frakta til arresten i Haugesund etter at […]

Ein 27 år gammal mann frå Skånevik vart frakta til arresten i Haugesund etter at han vart mistenkt for å ha køyrd moped i ruspåverka tilstand. Klokka 01.33 natt til laurdag fekk operasjonssentralen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt melding om at mannen oppførte seg trugande i eit privathus i Skånevik. Der tok han ein moped og forsvann. Politiet rykte ut og fekk deretter melding frå ein ambulanse om at ein moped hadde køyrd utfor ein skråning. Mannen vart tatt hand om av politiet og frakta til sjukehuset i Haugesund for å ta blodprøve. Deretter vart han sett i arresten på politihuset, og han vart sleppt ut igjen laurdag føremiddag. Han vart frakta til sjukehuset igjen for ein ytterlegare sjekk av ein skade i ansiktet. I følgje operasjonssentralen må mannen møte på Etne lensmannskontor for å gi forklaring. Han er sikta for promillekøyring.