Eigaren av båten og båtplassen Havn i Skånevik, Brynjulv Hus, vart lang i maska då han vart gjort kjend med at styret i Skånevik Båtforening hadde «arrestert» båten hans med kjetting og hengelås. Men Hus fann fram både avbitartong og baufilsag og klipte båten laus. Han aksepterer verken arresten eller at Skånevik Båtforening nektar han å låne båten ut til turistar Hus leiger ut hus til. Tidlegare i år fatta årsmøtet i båtlaget nye vedtekter der eit eige punkt presiserte at turistar ikkje kan disponere båtar i hamna.
Neste trekk
— Eg ønskjer ikkje å kommentere eller debattere denne saka i avisa. Det er ei intern sak i klubben. Ting vil gå sin gang, og Brynjulv Hus er ein sværande kar, er alt eg vil seie, svarar styreleiar Jarle Håland i Skånevik Båtforening på spørsmål om det er ein rimeleg framgangsmåte å låse båten fast med kjetting.
Etter det Grannar forstår, meiner styret at Hus har fått lang nok tid på seg til å oppfylle oppmodinga frå båtlaget om å slutte å la turistane bruke båten i hamna. Kjettingen skulle vere ei melding om at no har dei fått nok, og kanskje eit håp om at Hus ville ta kontakt for å få nøkkelen til låsen.
Sidan Håland ikkje vil svare på spørsmål, får Grannar ikkje svar på kva som er båtlaget sitt neste trekk i denne striden.
For tre år sidan la båtlaget bak seg ein langvarig strid med eit anna medlem i båthamna. Båthamner har forskjellig praksis for om eigarar av båtplassar kan la turistane deira bruk båt i hamna. Enkelte stader er det ulovleg, medan andre igjen godkjenner det mot ei ekstra avgift.