Tek me klimaendringane på alvor?

Klimaendringane utgjer den største utfordringa verda står framføre. Det er verdas fattige som blir hardast […]

Klimaendringane utgjer den største utfordringa verda står framføre. Det er verdas fattige som blir hardast ramma, medan den rike delen av verda har dei største utsleppa. Klimaendringane skaper nye og større problem i områder som slit tungt frå før.
Flom, tørke og ekstremvêr av ulikt slag kjem oftare enn før, og den stigande temperaturen trugar naturmangfaldet, og spreier sjukdommar og t.d. nye insektartar til områder der dei før ikkje har vore kjende.
Det er mykje me kan gjera for å møta klimautfordringane. I Noreg kjem dei største utsleppa frå oljeutvinning og transport. Årleg reiser 4,6 millionar flypassasjerar mellom Bergen, Stavanger, Haugesund og Oslo. Ein høgfartsbane driven av rein elektrisk energi, kunne redusert transportutsleppa monaleg. Me treng handlekraftige politikarar med visjonar som kan tenkja utover tilvande mønster.
Vindafjord kommune har starta overgangen til fornybar energi gjennom flisfyringsanlegget i Ølen. Utfordringa går til alle om å framskaffa idear som kan gå i same retning.
Me kan ikkje berre seia: Andre får ta det. Vårt utslepp er jo så lite i den store samanhengen. Me må alle ta vår del av ansvaret.
Senterpartiet vil markera verdas miljødag 2007 med standar i Skjold, Ølen, Vikedal og Vikebygd laurdag 9. juni og koma innbyggjarane i Vindafjord i tale om korleis me skal oppnå målet på 30 prosent klimagassreduksjon innan 2020 for Vindafjord sin del.

Åsmund Kalstveit
Vindafjord Senterparti