Temmer flaumområde for millionar

Den første millionen blir truleg brukt etter sommarferien. Prislappen for å sikre bustadfeltet og Grautånabekken […]

Den første millionen blir truleg brukt etter sommarferien. Prislappen for å sikre bustadfeltet og Grautånabekken er fem millionar kroner. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) skal etter planen bruke fire millionar kroner og kommunen ein million kroner i eit spleiselag for å hindre nye skrekkepisodar med store vassmengder rett gjennom bustadfeltet.
— Vi har ein god dialog med NVE og alt skal vere ferdig i 2007. Det betyr mykje at folk som bur her kan føle seg trygge, seier Tor Gunnar Skaar, einingsleiar for kommunaltekniske tenester i Vindafjord kommune.

Frykt for nedbør
Skaar kjenner godt til den uroa og frykta som har vore blant huseigarar i Østbøfeltet i Sandeid etter dei voldsame herjingane flaumen gjorde i august 2004. Folk vart vekte midt på natta av flaumen som tok tak i både hus og hagar.
Skaar bur sjølv i feltet som har over 60 hus. Det er huseigarar som har blitt ramma to-tre gonger av flaum.
— Eg får mange telefonar frå folk som bur i feltet når det blir meldt om stor nedbør. Dei blir bekymra for kva som kan skje. Det er naturleg ut frå det dei har opplevd ved tidlegare flaumar, seier Skaar.
Han er difor glad for at kommunen har fått ein slagplan med NVE på plass. Også Statens vegvesen kjem inn i bildet med stikkrenna som Grautånabekken går i under riksveg 640.

Stor risiko
— Ekspertane trur det skjer noko med miljøet og vêret. Vi skal få meir ekstremvêr. Det er jo noko vi har opplevd dei siste åra. Flaumsikring blir nok eit viktig tema i tida framover, for fleire enn Sandeid, seier Skaar.
Både i september 2005 og i januar i år var det stor nedbør som førte til flaum i området, men langt frå den same situasjonen som i 2004.
— Vi gjekk vakt heile tida då det stod på som verst. Men heldigvis gjekk det nokolunde bra. Nedbøren kom over fleire timar denne gongen, fortel Skaar om flaumen som var i januar.

Først ved riksvegen
Målingar i Rødneelva viste at vassføringa seksdobla seg i løpet av eit par timar då det stod på som verst for to år sidan.
I haust startar truleg NVE med inntaket der Grautånabekken går under riksvegen. I tillegg skal Vegvesenet utbetre stikkrenna under vegen. Dermed skal flaum skape mindre trøbbel for riksvegen og husa som er på nedsida av riskvegen.
Planane for flaumsikring gjeld både Østbøfeltet og Strand. NVE skal sikre og auke kapasiteten i Grautånabekken. Dessutan blir det eit omfattande arbeid ovanfor sjølve byggjefeltet med grøfter slik at flaumvatn i småbekker ikkje kjem på avvegar, men blir ført inn i Grautåna.

Skade for 14 millionar
Det er 350 meter av Grautåna som skal utbetrast, medan det blir lagt om lag ein kilometer med grøfter for å verne bustadfeltet.
— Fem millionar kroner er ein del pengar, men med tanke på konsekvensane det får ved å la vere, er dette ei svært god investering. Og ikkje minst at folk kan føle seg trygge, meiner Skaar.
Det er ikkje stort meir enn ein tredjedel av det flaumen gjorde skade for i 2004. Prislappen etter flaumen var 1,5 millionar i skadde vegar, og 12,5 millionar for å reparere både innvendige og utvendige herjingar i bustadfeltet.
NVE er i gang med detaljplanane for området og både grunneigarar og huseigarar vil bli kalla inn til orienteringsmøte.