Tende faklar for jula

Julegrana i Ølensvåg vart tent klokka fem presis på fredag ettermiddag, som den første i […]

Julegrana i Ølensvåg vart tent klokka fem presis på fredag ettermiddag, som den første i distriktet. Deretter spelte Ølen Musikkorps opp med julemelodiar, og det var tid for å gå rundt juletreet ved Statoil-stasjonen.
Deretter kom to nissar på besøk med sekkar fulle av godteposar. Bjørnar Halsnes Steinsland (2 ) var sist i køen, og var litt skeptisk til mannen med maske og tok imot pakken med stort alvor.

Ungane sin dag
Ein time seinare var musikkorpset klar for juleopning i Ølensjøen.
— Det var mange ungar her i dag. Det er først og fremst ungane sin dag, og dei set pris på det, seier Aud Stople Hauge.
Ho er nesteleiar i Ølen Forum og nissesjef under julegateopninga. Men trass i at julepynten er på plass, startar ikkje butikkane med langope før 1. desember.
— Med det dårlege vêret vi har hatt, var vi svært heldige med at det vart opphaldsvêr. Eit slikt arrangement er langt frå det same i det striregnet vi har hatt i det siste, seier Stople.

Nissar
— Pass på gnistane, sa Siren Haugland Gundersen til resten av venninnegjengen då vindkasta tok tak i fakkeltoget gjennom sentrum i Ølensjøen.
Slik tradisjonen har vore dei siste åra, starta toget ved Ølen senter og enda opp ved julegrana ved Diversen. Dei frammøtte var ikkje tunge å be til å gå rundt juletreet. Og etterpå var det klart til å dele ut pakkar for nisseassistentane i 10. klasse ved Ølen skule. Pågangen var så stor at nisseassistent Odd Tørres Lunde måtte rygge oppover bakken for å lette litt på trengselen.