Tenk dåke godt om

Denne gongen går det ut over dei gamle. Tenk deg sjølv, får mat som er […]

Denne gongen går det ut over dei gamle. Tenk deg sjølv, får mat som er pakka og oppattvarma, trur de at det vil smaka? Det er så som så med appetitten til dei gamle om dei ikkje og skal få seige, fleire dagar gammal mat. Nei, la kjøkkenet på omsorgssenteret få vera i fred, dei gamle må få ha noko heimsleg, tenk berre på kor godt det er å få kjenna litt matlukt. Ein les og at dei forskjellige som har prøvd dette, har gått tilake til den gamle kjøkendrifta att då det ikkje løner seg. Kvifor skal vi då her prøva noke som alt er prøvd og ikkje slått an.
Kutt heller ut konsulenten som vi såg de ville leiga inn, dei har vel vist seg å verta uhorveleg dyre. Men vil de få vekk mest mulig gamle, er kanskje dette ein måte å gjera det på, matlysta er ikkje så stor frå før, så nå kan fort matlysta forsvinna heilt, får inderleg håpa de kjem på bedre tankar. Prøv sjølv, dåke som vil gjera dette, om det smakar, det kunne jo vera ei prøveordning. God appetitt.
Ein annan sak er at dei gamle betalar så mykje av minste-pensjonen sin at dei er verd skikkeleg middag. La kjøkkenet på omsorgssenteret vera som det er, alternativet er eit storkjøkken, der kan det vel verta nokon pengar å tjena, og ikkje berre senda alt ut av kommunen, me må heller arbeida for å få noko hertil. Kanskje økonomien vil betra seg og folketalet auka med ein slik tenkjemåte, men her skal visst alt vekk, la nabokommunane få alt, me kan berre leggja alt ned. Til alle kommunestyremedlemer vil eg sei:
Tenk dåke godt om før de går på eit slikt vedtak!

Reidun Pedersen,
pårørande.