Tenkjer ikkje på VM

LYGNA: — Eg gjer ein veldig bra sportsleg prestasjon, og eg var fjerde beste U-23 […]

LYGNA: — Eg gjer ein veldig bra sportsleg prestasjon, og eg var fjerde beste U-23 løpar, oppsummerte Bjørnar Larsen (21) som var uheldig med forholda.
Det snødde tett gjennom heile løpet hans, mens det letta litt opp seinare på dagen.
— No tenkjer eg korkje på det eller VM. Eg mista nok nokre plasser på dårlege forhold, men eg får gle meg over ein veldig bra sportsleg prestasjon, seier Bjørnar etter løpet han klart meiner var årsbeste.
— Det er ingen tvil om det. I helga var det og Skandinavisk Cup (SC), og eg derfor tilfreds med å ta poeng både i SC og Norgescup, seier Vindafjord-guten.
Han understrekar at sjølv om forholda ikkje var dei beste då han gjekk distanserennet i klassisk hadde han gode ski.
— Dei sat perfekt. Så her fekk eg bra betalt, understrekar han.
VM?
For to år sida var Larsen så tett på ein VM-plass for junior som mogleg. Då blei han vraka i 12. time. I fjor kom han aldri opp på det nivået han hadde håpa på, mykje på grunn av sjukdom.
— Eg har ikkje plass på laget til U-23 VM som noko klart og uttalt mål. No er eg med i diskusjonen, og blir det VM-tur tar eg det som ein rein bonus, seier han.
Det er 15 km fristil, 30 km duathlon og klassisk sprint under VM i Frankrike.