Det har blitt tradisjon at ei gruppe pasientvenner i bygda steller til ei hyggestund for dei gamle på sjukeheimen 17. mai. Eldsjela bak tiltaket er Sigrun Eikeland. Dette året var ikkje noko unnatak. I år hadde ho fått ordførar Reidar Håvås til å komma og halda tale for dagen til dei gamle.
— Og det var ikkje nei i hans munn, seier ei oppglødd Sigrun Eikeland.
— Han seier alltid ja når me spør om han vil vera med oss. Me har nemleg faste songstunder her på heimen, og då stiller han opp, fortalde Eikeland. For dette hadde pasientvennene kjøpt ein vakker blomst til ordføraren. Men under blomsteroverrekkinga blei det litt forviklingar. For personalet på sjukeheimen hadde kjøpt blomst til Sigrun Eikeland for hennar innsats for dei gamle gjennom mange år. Så der stod dei med kvar sin blomst og måtte le begge to. Men Sigrun Eikeland hadde ei overrasking på lur. Lynkjapt sprang ho inn på eit rom og kom tilbake med ei lommelykt i handa. Den var ei gåve til ordføraren.
— Nå skal du og eg ta oss ein spaserstur på Europavegen her i Vats ein mørk kveld. Då treng me lykta skal du sjå. Men det er ikkje nok. Me treng gatelys. Eg har sagt det til deg før. Men me gir oss ikkje før me får lys langs den beksvarte vegen, sa Eikeland. Håvås kvitterte med å takka ja til spaserturen. Men han kunne ikkje lova gatelys over natta, men lova å sjå på saka.
Etter tale og blomsteroverrekkingar, var det kaffi og kaker, før den trivelege stunda blei avslutta med song og musikk.
— Det er så kjekt å syngja saman med dei gamle. Me vel alltid songar som dei kjenner og då syng dei med. Og så må du ikkje gløyma musikaren vår. Kristian Frøyland på trekkspel har vore med oss i fleire år, seier Eikeland. Ho sjølv har spreidd lys og glede for dei gamle i 29 år.
— Neste år er det 30-årsjubileum, ler ho og stemmer i med «La meg få tenne et lys».
Tenner lys for kvarandre
Det har blitt tradisjon at ei gruppe pasientvenner i bygda steller til ei hyggestund for […]