11. september og beredskapen mot terrorisme forplantar seg inn til kaiene i Etne. Industriområdet Tongane har ikkje godkjent gjerde for å tilfredsstille det internasjonale regelverket for å bekjempe terrorisme. Alternativet er vakt så lenge skip frå utanlandske hamner ligg ved kai.
Skip kan få trøbbel med å kome til andre hamner dersom dei ikkje kan vise papir på at tryggleiken var tilfredstillande i den hamna dei kom frå. Tiltaka skal hindre terroristar å kome om bord eller i land frå skip.
Vaktselskap
Det er rutine for NCC Roads at dei får asfaltolje frå Tyskland med jamne mellomrom. Men sidan bedrifta ikkje har gjerda inne kaiområdet, må dei hyre inn eit vaktselskap for å ha oppsikt med det som skjer rundt skipet.
Det svenskeigde skipet «Stella Rigel» kom til Etne frå Tyskland via eit par andre norske hamner natt til i går, og vektarar frå Vakt og Alarm har hatt oppsikt med skipet så lenge det låg i hamn. Skipet låg lenger ved kai enn vanleg på grunn av vind og straum, og venta på slepebåt i går ettermiddag dersom ikkje vêret løya. Dermed vart det også behov for vakthald lenger enn planlagt.
Vurderer gjerde
Hans Rygg hos NCC Road AS opplyser at dei vurderer å få opp eit permanent gjerde rundt bedrifta og kaiområdet som tilfredstiller regelverket.
— Det er til vurdering hos konsulentar, og eit gjerde er sikkert mest økonomisk over tid. Det er ganske nytt dette her sidan krava kom i sommar, seier han.
Det er selskapet som må betale for vakthaldet. Rygg seier kravet er noko dei må akseptere sjølv om han stiller ein del spørsmål ved regelverket
— Regelverket sidestiller alle hamnar. Eg trur det er langt større sjanse for terror andre stader, og ei lita kai i Etne kan ikkje vere det mest aktuelle målet, seier han.
Men han ser ikkje vekk frå at det generelt er positivt for tryggleiken med eit gjerde rundt området sidan det gir større kontroll med kven som går ut og inn.
Terror inn i fjøre-steinane
11. september og beredskapen mot terrorisme forplantar seg inn til kaiene i Etne. Industriområdet Tongane […]