Tett og intens finale

Med 2-1 i sett kunne dei innkassera finalesigeren over toppseeda Trygve Leite og Vegard Lyng. […]

Med 2-1 i sett kunne dei innkassera finalesigeren over toppseeda Trygve Leite og Vegard Lyng. Det var settballar og matchballar i ulik lei i dei tre setta, og kampen kunne ha vippa kva veg som helst.

Vêret heldt nesten
Kvinnene spela i strålande sol laurdag, og finvêret heldt heilt til semifinalane søndag ettermiddag. Då opna himmelslusene seg, og brått vart det glissent på tribunane.
Spelarane let seg ikkje affisera. Slett ikkje Petter Bjørbæk og Gunnar Weld. Dei gjennomførte og vann den søkkvåte bronsefinalen i berr overkropp, og desse to atletane kunne ha fortent ein eigen Rambo-pris.
Arrangørane i Vikedal IL er tilfreds med meisterskapet. Mange dyktige sandvolleyballspelarar kjem attende til Vikedal år etter år. Noka økonomisk gullgruve er det slett ikkje, for deltakaravgiftene går ut att i premie til vinnarane. Berre kiosksalet gjev ein liten gevinst.

Samlar poeng
Ettersom årets turnering var på nivå 1 får dei godt plasserte laga fleire rangeringspoeng enn dei gjorde i fjor, då Vikedal-turneringa var på nivå 2. Spelarane samlar med seg poeng gjennom heile sesongen, og dei ligg til grunn for seedinga i turneringane.