Tettpakka maraton for Asia

Tubesnakes frå Stord har eit nært tilhøve til Skånevik gjennom bluesfestivalen, og bandet sa spontant […]

Tubesnakes frå Stord har eit nært tilhøve til Skånevik gjennom bluesfestivalen, og bandet sa spontant ja til å vere med på bluesklubben sin støttekonsert i idrettshallen på fredag.
— Det vi kan gå ut med i dag er klart, resten får vere ei overrasking dersom vi får meir på programmet. Det er flott at musikarane stiller gratis opp for å hjelpe etter katastrofen, seier Finn Ove Solberg, leiar i Skånevik Bluesklubb.

Musikalsk maraton
Matpackers blir også med på støttekonserten for ofra etter flodbølgjekatastrofen i Søraust-Asia. Bluesklubben har komponert ei lang liste av band og utøvarar som skal spele på fredag. Blant desse er Fifty/Fifty Bluesband, Uthuset og ungdomsbandet Sushi bluesband. I tillegg blir det mange andre utøvarar i det lokale musikklivet.
— Målet er å fylle ein fem-seks timar konsert med mange forskjellige band og artistar. Etter kvart har det heller blitt eit problem å få plass til alle vi ønskjer å få med, fortel Finn Ove Solberg i bluesklubben.
Han trur ikkje det blir mange dødpunkt i idrettshallen i morgon kveld, med innlagte pausar for kaffi og kaker og utlodding. Handelsstanden har velvillig stilt opp med premiar. Alle inntektene går til Norges Røde Kors.

Stafett
— Det er god plass i idrettshallen, men får vi 500 innom dørene i løpet av kvelden, skal vi vere godt nøgde. Her får publikum litt igjen for å vere med å støtte dei som treng hjelp i Asia, seier bluesleiaren.
Støtteaksjonen har fått merkelappen «Aktiv hjelp», og dei har gått ut med oppfordringar til det lokale næringslivet til å gi pengar til hjelpearbeidet.
I fleire kommunar er kreativiteten stor for å samle inn pengar, men Solberg fortel at dei ønskjer å setje i gang ein stafett som kan spreie seg til kulturlivet andre stader.
— Vi har sendt stafettpinnen vidare til Røde Kors i Etne og oppfordrar dei til å stelle til eit liknande arrangement i neste månad. Deretter får dei pinnen vidare til andre. Katastrofeområdet treng hjelp frå resten av verda i lang tid framover, seier Solberg.
Han opplyser at dei har sett opp buss både frå Ølen og Etne for å dra med seg eit større distrikt til konserten.