Ti år med revy

Onsdag kveld var ein spesiell kveld for revy historie i Vikedal. Vikedal Skule med niande […]

Onsdag kveld var ein spesiell kveld for revy historie i Vikedal. Vikedal Skule med niande klasse, hadde for tiande gong på rad laga til revy. Ideen om revy kom frå Nils Erik Eide som for tida jobbar som rektor ved Imsland skule. I 1996 diskuterte han saman med elevane sine i niande klasse om dei skulle lage revy, og fekk god respons tilbake. Etter mykje jobbing og strev med den fyrste revyen, skulle det visa seg å verta ein fast tradisjon ved Vikedal skule. Kvart år får niande klasse planleggje og lage til ein revy heilt på eigenhand. Men det er ikkje alltid lika lett å lage revy åleine, derfor har instruktørane som oftast vore på plass for å hjelpe.
— Dei har vore fantastisk. Me hadde ikkje klart å gjennomført revyen utan dei, seier revysjef Sofie H. Hårajuvet om instruktørane Ann Rita Eike og Ingebjørg Rullestad Gjerde. Nokon øvingar måtte klassen ta kontrollen heilt åleine, då instruktørane var opptatt med noko anna.
— Eg har i alle fall bestemt meg for å ikkje bli lærar, smiler Hårajuvet, som syntes det kunne til tider vere vanskeleg og aleine halde kontroll på klassen sin.

Jul i skomakargata
Revyen fekk namnet «O` revy med din glede». Namnet trefte dei midt i blinken. Skodespelarane viste glede på scenen, og fekk spreidd det vidare til publikummet. Elevane kunne ikkje skjule gleda over å stå på scenen framfor publikum.
— Me får eit betre klassemiljø og har lært betre samarbeid, seier revysjefen og legg ikkje skjul på at dette er ei veldig lærerik alternativ form for skulearbeid. Ved sida av scenen hadde elevane laga ein eigen skomakarbenk til skomakaren og Skofus, som vart spela av Ole Andre Høiland og Ole Rasmus Solheim. Desse to var også sentrale i andre sketsjar som vart framførd med stil. Alt frå pølsemakaren i bygda, til rektor og lærarar vart parodierte frå talenta i niande klasse. I samanheng med kommunesamanslåinga hadde elevane også ein sketsj der det nye kommunevåpenet skulle teiknast. Fire kommunevåpen vart vist fram, og kommentert på lydopptak frå ordførar Reidar Håvås.
— Eg har ikkje hatt ein så kjekk kveld på lenge, sa ordføraren til publikummet om revyen torsdag kveld.

Nervøs stemning
Generalprøven gjekk i fylgje revysjefen heller dårleg. Derfor vart dei ekstra nervøse då premieren stod for tur.
— Det var ei spent og nervøs stemning i garderoben før me entra scenen, seier Sofie H. Hårajuvet. Men det såg ut som at elevane gløymde ut nervøsiteten og leverte ein så og seie prikkfri framføring. Torsdag kveld, og siste framføring vart dei meir avslappa, sidan det hadde gått så bra på premieren. Kanskje litt for avslappa.
— Dykk må trø til og gi litt meir! Dykk klarte det jo i går, så då må dykk levera ein like god framføring i kveld også, seier ein bestemt instruktør, Ann Rita Eike i pausen til elevane sine.
— Ja, men eg har jo ikkje meir stemme igjen, seier Ole Rasmus Solheim som nesten hadde brukt opp det han hadde igjen av stemme. Elevane avslutta, trass i at nokon hadde lite stemme igjen, med ei flott framføring torsdag kveld. Niande klasse vil bruka inntektene til ein klassetur i tiande klasse, som dei endå ikkje har bestemt reisemål til.
— Me har ulike forslag om kvar me vil reise, men det kjem i alle fall til å bli kjekt med det gode samhaldet me har i klassen, seier revysjef Hårajuvet. For dei som ikkje fekk med seg revyen, kjem elevane til å framføre nokre av sketsjane på ungdommens kulturmønstring i januar.