Ti bygningar kan bli selde

Så langt er det blinka ut 10 bygningar det er aktuelt for Vindafjord kommune å […]

Så langt er det blinka ut 10 bygningar det er aktuelt for Vindafjord kommune å kvitte seg med
Dei mest aktuelle salsobjekta på kort sikt, er i Sandeid. Der blir både bygningen som teknisk etat brukte før kommunesamanslåinga, og Eltun i nabolaget, lyst for sal med det første. Men først må bygningane omregulerast frå offentleg til privat formål. Det gjeld fleire av bygningane kommunen eig.
Svampen, den tidlegare ungdomsklubben i Sandeid, blir også selt.

Gitt klarsignal
— Signalet frå politikarane er at bygningar vi ikkje har bruk for sjølve, og som vi ikkje tener pengar på, skal seljast. Ein del bygningar er det klarsignal for å selje. Men ved ein gjennomgang av bygningsmassen er det for fleire bygningar sin del tilhøve som ein kanskje ikkje har tenkt på. Men vi arbeider kontinuerleg med aktuelle bygningar som blir vurderte, seier Håkon Hustveit, stabsrådgjevar for eigedom i Vindafjord kommune.
I Vikebygd står til dømes gamle Årvik skule og det gamle kommunehuset på salslista. Men det viser seg at det gamle kommunehuset var ei gåve til bygdas ungdom og difor ikkje går an å selje. Det blir i dag brukt av speidaren. Haken for kjøparar av Årvik skule er at kommunen ikkje eig grunnen under huset.

Strategisk i sentrum
Det tidlegare kommunehuset i Ølen var høgaktuelt å selje fordi det vil koste ein god del pengar å ruste det opp til ein akseptabel standard. Tomta er også lita. Men no er det blitt ein diskusjon om ikkje Vindafjord kommune bør sikre seg nabotomten der pensjonatet stod, og ha begge som ein strategisk tomt i kommunesenteret med tanke på framtida.
Den tidlegare bygningen til teknisk etat i Ølen er mindre aktuell å selje enn før. Ein del av årsaka er at kommunen har fått gode leigetakarar i Omega AS og Ølen vidaregåande skule. Dessutan huser den brannstasjonen i Ølen.

Andre kandidatar
Den tidlegare barnehagen på Eide i Ølen er ein av dei mest aktuelle kandidatane å selje. Den tidlegare barnehagen i Litlehagen i Ølen er alt selt til Rogaland fylkeskommune gjennom makebyte og kjøpesum. Men kommunen har rett til å bruke sjølve bygningen så lenge det er behov for det. Fritidsklubben er difor på trygg grunn.
Kamillahuset i Sandeid er eit hus kommunen ikkje har bruk for, men tidlegare ekspropriasjon til HVPU-bustad gjer det litt kinkig å selje det til bustadføremål.