Ti lærarstillingar i fare

Skrifta på veggen har byrja å bli synleg for politikarane i Vindafjord. Skulane i Vindafjord […]

Skrifta på veggen har byrja å bli synleg for politikarane i Vindafjord. Skulane i Vindafjord kan miste ni lærarstillingar hausten 2007, i tillegg til den som blir tatt inn komande haust.
Aksjeutbytte og overskot
Kontrasten til denne sparekampanjen er at sparinga er nødvendig mellom anna fordi politikarane har vedtatt å ta ut av drifta aksjeutbyttet frå Haugaland Kraft på vel sju millionar kroner og bruke dei på andre formål. Dessutan skal Vindafjord kommune gå med over 8,2 millionar kroner i overskot i 2008.
Til saman blir det til saman 15 millionar kroner i frie midlar i tillegg til dei 13 millionane som er spara inn av underskotet den samanslåtte kommunen starta med.
Dersom den vedtatte økonomiplanen blir følgt, reduserer ein driftsnivået med 28 millionar kroner fram til 2010.
Bruke lenger tid
— Vi må gjennom ein stor hestekur, og eg stiller spørsmål om det er rett å skaffe oss eit overskot på 10 millionar i løpet av tre år. Eg saknar ein prinsippdebatt. Eg stiller spørsmål om det ikkje er rett å bruke ein valperiode til på å nå dette målet, er den klare meldinga frå Bjørn Helgesen (Ap) som er leiar for komité oppvekst som skal føreslå innsparingar for skule, barnehage og kultur.
Han kom til kommunestyret med eit spareforslag på 1.35 millionar kroner i skulane i inneverande år. Målet er rundt 1,9 millionar kroner i kutt i fire år framover, altså 7-8 millionar kroner.
Dette kuttet vedtok kommunestyret for 2006:
• lærarstilling 450.000
• bøker og andre driftsmiddel 500.000
• spesialpedagogiske tiltak 200.000
• vakant stilling PPT 200.000
Blir bråk
Sjølv om det er bekymring for kutt i innkjøp, viste Helgesen til at skulane kan leve med dette kuttet i år. Han var derimot bekymra for 2007 dersom rektorane får gjennomslag for at kuttet må skje i andre halvår, og ikkje midt i eit skuleår. Det betyr eit innhogg i ni lærarstillingar frå skulestart 2007.
— Dei ni skulane våre er freda denne perioden, og då snakkar vi om kutt i rammetimar og stillingar. Det blir dramatisk, sa Helgesen.
Tone Hatteland (H) delte ikkje Helgesen si uro for nedskjeringane som er varsla.
— Vi er i verdstoppen når det gjeld færrast elevar per lærar. Det er ingen katastrofe dersom vi kuttar lærarstillingar. Det går fint dersom det er vilje til omstilling. Det er mykje som kan gjerast når det gjeld spesialpedagogiske tiltak utan at det går ut over elevane, sa Hatteland.
Rune Hetland (Vikebygd bygdeliste) vil ikkje ha strukturdebatt, og gav ei skrape til stabsrådgjevar Per Ivar Ertresvåg som nærmast frårådde meir generelle kutt i skulane. I følgje Hetland har Vindafjord eit høgt tenestenivå som er råd å effektivisere.
Til det repliserte Terje Kleiven (Tverrpolitisk liste for Vats/Skjold) at det høge tenestetilbodet i skulen i så fall handla om kvantitet med mange skular.