Her skal både idrett, skule, bibliotek og kultur få sin velfortente boltreplass. Skånevik har for lengst fått sin idrettshall, det same har Ølen. Vats har sin Vindafjordhall og nå kjem Skjold og bygdehuset etter med idrettshall. I Ølen vil næringsliv, kommune, fylkeskommune og staten (NAV) gå saman i eit spleiselag om eit nytt og spennande prosjekt, det såkalla Opera-bygget. Alt dette er viktige faktorar for trivsel, utvikling og yrande aktivitet i Grannar-bygdene.
Skal distrikta utanom storbyane få den utviklinga folket fortener, treng me denne type tiltak, initiativ og satsing. At nokon opplever det som vågalt og ambisiøst, er som det skal vera. Frykta for at storstilte investeringar kan gå ut over andre viktige område, er reell. Men i det store og heile dreier det seg om å ta sjansen og gripa dei moglegheitene som slike prosjekt byr på. Idretten i Etne har i årevis lidt under mangel på lokalitetar og arenaer innandørs. Rørsla er brei og folkeleg, og treng betre rammer både for å halda stand, utvikla seg og skapa endå meir trivsel i eit samfunn på landsbygda. Det same gjeld Etnemarknaden og andre arrangement bygda er kjent for.
Difor er det gledeleg at både Hordaland fylkeskommune, rådmannen i Etne og eit breitt utval av dei folkevalte er positive til eit nytt og allsidig kulturhus som inkluderer vidaregåande skule. At Skakke-senteret har hatt ein trong fødsel og har måtta venta på endeleg godkjenning, er ikkje unaturleg. Prosjektet er dyrt og omfattande, mange brikker skal på plass og fleire instansar skal konkludera. Me konstaterer at det anerkjente Prognosesenteret spår prisnedgang i bygg- og anleggsbransjen, og føler oss sikre på at timinga for denne uønska utsetjinga vil slå positivt ut for prosjektkostnaden. Den avventande haldninga til det nye til kulturhuset bør enda i eit ja til byggestart.
Godt banknytt
Oppi alt oppstyret om finanskrise og nedgangstider er det eit stort lyspunkt at renta stuper. Og det stoppar ikkje med dette.