Tid til kvarandre

I avisa byrjar juleførebuingane i november. Dette året slo me til med eit eige adventsnummer […]

I avisa byrjar juleførebuingane i november. Dette året slo me til med eit eige adventsnummer siste torsdag i november.  Seinare har det gått slag i slag.  Annonsar skal seljast og lagast, stoff skal hentast inn og skrivast. Midt oppe i alt kvardagsarbeidet, er jula målet me siktar mot. Som alle andre har me lyst til å gjera litt ekstra stas på høgtida.  Vår måte å gjera det på er å gje avisa eit ekstra godt og variert innhald.  Me prøver så godt me kan å hugsa på alle, både i alder, kjønn, geografi og tema. 
 
I dagens avis er det mykje positivt me kunne trekkja fram.  Me vil spesielt nemna gladguten Nils Erik Eide frå Vikedal.  Med slike ambassadørar for bygda og distriktet, er det ikkje trong for å tilsetja eksperthjelp utanfrå som skal fortelja oss kva som skal til for å trivast på bygda.  Me vil også gi ros til Kontaktsenteret i Etne som opnar dørene julaftan.  Med sin invitasjon til dei som sit aleine eller av ein eller annan grunn kjenner seg einsame julaftan, er det godt at nokon tenkjer på andre enn seg sjølve. 
 
Jula med sitt glade bodskap, er diverre ikkje like glad og god for alle.  Berre i vårt distrikt har me hatt fleire triste dødsfall dei siste dagane. La våre juletankar gå til dei som sit att med sorg og sakn. Det at me tenkjer på dei som har det vondt, kan vera med å lindra smerten litt.  Me kan også ta ein telefon eller stikka inn i døra til dei som me veit vil setja ekstra pris på å bli hugsa på i desse travle førjulsdagane.  Det skal ikkje alltid så mykje til, men det kan gjera så godt.  Både for den som gir og den som tar imot.
Me ønskjer alle ei god og fredeleg julehelg.

Aslaug Olden Mala,
ansvarleg redaktør