Tida inne for kvotering av eldre

Statens seniorråd er eit rådgjevande organ for Regjeringa og dei ulike departementa, og føremålet med […]

Statens seniorråd er eit rådgjevande organ for Regjeringa og dei ulike departementa, og føremålet med handlingsplanen er nettopp å presentera i konsentrert form 10 konkrete tiltak som rådet meiner er eigna til å styrkja den sterkt veksande gruppa av seniorar sin plass i samfunnet og deira høve til å påverka samfunnsutviklinga.
I mandatet for Statens seniorråd vart alle over 50 år rekna som seniorar, og denne gruppa utgjer no ein tredjepart av folket i landet. Om me held oss til alle over 67 år, utgjer denne gruppa 13% eller nær 600 000 menneske. Dagens 50-åringar kan rekna med å leva 30 år til.
Den talmessige auken i gruppa av eldre menneske er så dramatisk sett i høve til situasjonen for berre 50 år sidan, at det er all grunn til å sjå på korleis denne gruppa sitt høve til deltaking og innverknad står i lys av storleiken på gruppa.
Seniorar i aldersgruppa 50-59 år er aktive deltakarar i samfunnslivet og har sterk innverknad i politikk, organisasjonsliv og næringsliv. Men etter 60 år fell deltakinga i politikken drastisk, og etter 65 år er gruppa nesten ute av politiske organ. Det er openbert at det her føreligg eit demokratisk underskot av dimensjonar, all den stund 700 000-800 000 røysteføre menneske er nesten utan representasjon i t.d. fylkesting og Storting.
Det er mot denne bakgrunnen Statens seniorråd no oppmodar dei politiske partia om å vurdera kvotering av eldre i nominasjonsprosessane sine. I si tid var underrepresentasjon av kvinner sett på som eit alvorleg demokratisk problem. Kvoteringa har gledelegvis endra dette radikalt. Dagens underskot av eldre tyder på at me framleis lever i eit ufullstendig demokrati. Det er her tale om å endra holdningar, og slikt tar tid. Eg ser fram til å sjå kva for eit av våre politiske parti som går i brodden for å kvotera eldre over 60 år inn på vallistene sine. Det vil bli eit viktig tiltak i demokratiet si teneste.

Hans Olav Tungesvik,
medlem av Statens seniorråd