Tidleg tap i Norway Cup

Med vekkarklokkene på 06.30 og fotballskoa i beredskap, fekk ikkje Vindafjord-spelarane meir svevn enn dei […]

Med vekkarklokkene på 06.30 og fotballskoa i beredskap, fekk ikkje Vindafjord-spelarane meir svevn enn dei strengt tatt hadde trong for natt til sundag. Truleg litt mindre.
— Det gjekk greitt å stå opp. Var såpass spent at det ikkje var lett å få sova i det heile, fortel Leif Lilleland.
Med kampstart 09.00 var han og klubbkameratane først ut av alle i det som er verdas aller største fotballturnering. På bane 5 gjekk dei unge spelarane til verket med stor innsats. Men laget frå Eidskog var fysisk overlegne, og Vindafjord kom ikkje nærare enn eit skot i stolpen, signert Daniel Holten. Håvard Vestbø sleit det han kunne på midten, og viste tidvis glimt av stor fotball, sjølv om motstandarane var både eitt og to hovud høgare.
To kampar
Som dei fleste andre kom kontigenten frå Vindafjord til Oslo tidleg laurdag kveld.
— Det var varmt i bussen, og det var skikkeleg varmt i klasserommet vårt på Jordal skule, fortel smågutane frå Sandeid og Vikedal. I tillegg til minimum tre kampar i Norway Cup, har dei tenkt å få med seg opptil fleire sportslege godbitar.
— Me skal sjå Lyn mot Start måndag kveld, og på onsdag spelar Vålerenga returoppgjer i Champions League-kvalifiseringa. Med oss på tribuna, lovar dei unge gutane.
Heldt nullen lenge
Vindafjord sitt gutelag slapp å venta til onsdag med å få oppleva Vålerenga. I den første kampen i gruppespelet var nemleg andrelaget til VIF motstandar. Dei lokale gutane leverte ein heroisk innsats, og det såg lenge ut til å enda uavgjort 0-0. To kjappe Vålerenga-mål heilt på tampen var surt, men Vindafjord hadde likevel all grunn til å vera nøgd med innsatsen. Det lovar godt for dagane som kjem.
Vindafjord har også med eit jentelag (14 år). Dei gjekk på ein skikkeleg smell mot Lillehammer. Jentene frå OL-byen gav seg ikkje før det stod 7-0 i målprotokollen.
Men om det var aldri så tungt for den store Vindafjord-kontigenten, var det andre fotballspelarar frå området som hadde suksess. Både Janne Iren Stokkedal og Cecilie Vestbø kjem frå Sandeid og spelar på jentelaget til Skjold. Dei starta turneringa i Oslo på best tenkeleg vis: 3-0 over Røros. Med Cecilie Vestbø som første målscorar for eit lag som også har etnejenta Ragni Odeen som sikker sisteskanse.
Skjoldar og Etne har også lag med i Norway Cup, men dei spelte begge for seint sundag til at Grannar fekk resultata med. På http://www.norway-cup.no kan ein følgja med frå time til time.