Til Etne kommune og Amund

Eg vil med dette sterk åtvare deg med å spele Erling Skakke, for i følgje […]

Eg vil med dette sterk åtvare deg med å spele Erling Skakke, for i følgje min lærdom på skule, samt søndagsskule, sit alle stygge menneskjer langt der nede og skjer tenner og fyrer på eit varmt bål kalla helvete. Da Nervik var opptatt med denne støtta, spurte eg han om han kunne finne ein person i Etne som hadde voldtatt meir kvinnfolk samt større drapsmann. Til det svarte han: Du har heilt rett, men han var konge og då må me ha støtte av han.
Men eg har tenkt å hjelpe deg ut av denne konjakk-krisa. Har fått eit brønnboringsfirma til å bore eit hol rett ned til Skakke sjølv, og så slår me denne konjakken ned til han og bålet hans. Så kjøper eg og du ei god Hansen-konjakk og feirar det i grillhytta mi. Og skulle me bli dårlege og måtte spy, har eg godkjend kloakk for det.

Med helsing
din gode venn
Brynjulv Hus