Til finale av Idol-dommar

Nei, det er ikkje nokon ny runde med TV2 sitt Idolprogram det er snakk om. […]

Nei, det er ikkje nokon ny runde med TV2 sitt Idolprogram det er snakk om. Mildrid Arianson frå Bjoa, var sist tysdag i Bergen på audition på Statoil sin interne Idolkonkurranse. I alt er det noko i overkant av 70 personar som har delteke, av desse er det tre som skal synge i finalen.
— Eg song «Dream a little dream» først, men så fekk me beskjed om at ein av oss måtte synge på ny. Den eine personen var meg. Det bar inn igjen, og eg song «Hero», men likevel var Jan Fredrik Karlsen ikkje heilt sikker. Eg avslutta auditionen med «Hooked on a feeling», før eg gjekk ut for å venta på resultatet, seier Mildrid.

Finale i Oslo
Av dei 12 som song i Bergen, var det berre Mildrid som fekk sjansen vidare.
— Eg blei kjempeglad, det er ekstra stas å få skryt av Jan Fredrik Karlsen, som er ein profesjonell musikkmann, seier ho.
— Kva sa han om deg?
— Dagen før hadde det vore audition i Trondheim, og han sa at til saman var eg best blant dei som hadde prøvd seg. Men ikkje skriv det, seier Mildrid beskjeden.
No er neste stopp finalen mellom dei tre finalistane under medarbeidarsamlinga til Statoil den 27. oktober. Då skal Mildrid synge med eit skikkeleg band, som ho skal øve med dagen før. Kva song ho skal synge har ho ikkje bestemt seg for endå.
— Er du nervøs?
— Litt nervøs er eg, men det er jo ein del av det. Mest av alt gler eg meg, seier ho.