I kjend stil lira Guri ut av seg små og store gullkorn, samstundes som ho måtte passa på at maen oppførte seg bra. Og det var jo ikkje berre greitt for ein som bar preg av å ha vore meir i sauehuset enn ute mellom folk. Men stafetten vart iallfall ført vidare, og redaktør i Grannar, Aslaug Olden Mala, tykte det var ekstra kjekt at avisa på denne måten også fekk gjort stas på ein særs viktig bidragsytar. Saman med dagleg leiar, Liv-Kari Bødtker, kunne Olden Mala også gle seg over at avisa fekk årets Idé-pris.
Samarbeid
Juryen hadde fått inn svært mange, og ikkje minst gode forslag til årets konkurranse. Det resulterte i at det for første gong også vart delt ut ein andrepris. Den fekk Sykkulvsbladet for at dei har starta ei spalte der lesarane sine eigne digitalbilete kjem på trykk. Ein idé som har vorte særs godt motteken, og der avisa har opplevd å få enormt god kontakt med lesarane sine. Og dei har i dag kring 200 bilete som dei enno ikkje har fått plass til å publisera. Men mot samarbeidsprosjekta til Grannar og Tysvær Bygdeblad kom sjølv Sykkulvsbladet til kort.
— Dette kom svært uventa. Ideen vår er kort og greitt at me samarbeider med Tysvær Bygdeblad om å laga eit temanummer om vårpuss og eit om industri og næringsliv. Samarbeidet inkluderer både annonsar og redaksjonelt stoff. Etter kvart nummer har me eit møte og vert samde om ei rettvis fordeling av inntektene, forklarte Bødtker under prisutdelinga.
Lokalt i toppen
LLA har i dag akkurat 100 medlemsaviser. Under landsmøtet på Holmenkollen Park Hotel Rica fekk mangeårig leiar Asta Brimi avløysing. Den nye leiaren heiter Tomas Bruvik, og med han på toppen er distriktet vårt endå sterkare representert i LLA-organisasjonen. Frå før er som kjent Rune Hetland frå Bjoa generalsekretær. Med seg i administrasjonen har han marknadsansvarleg Geir K. Hus. No busett i hovudstaden, men opprinneleg frå Husnes.
225 etappar
Sidan avisstafetten kom til området vårt rett i forkant av LLA-landsmøtet i Oslo, fann Tysvær Bygdeblad, Grannar, Suldalsposten og Ryfylke ut at dei ville gjera markeringane sine i samband med dette arrangementet.
Stafetten starta 5. februar hjå Svalbardposten i Longyearbyen, og har sidan vandra i all hovudsak sørover. Så langt har stafettpinnen – ei bodstikke – vore både i lufta og under vatn. Rein, hest og slede og båt har også vore nytta på nokre av etapppane. Seinast siste veke sende Avisa Hordaland på Voss bodstikka i fly mot Odda, og ned kom ein bunadskledd fallskjermhoppar og overleverte bodstikka til Hardanger Folkeblad. Sidan gjekk ho gjennom Folgefonntunnelen til Grenda, vidare til Kvinnheringen på Husnes, i båt til Stord og Sunnhordland, før dei i sin tur leverte stafettpinnen vidare til lokalavisa Vestavind. Det skjedde under vatn. Vestavind tok sidan bodstikka med seg til Oslo. Hit kjem stafettpinnen på ny den 9. juni. Då har bodstikka vore innom alle dei 225 avisene i landet, og kvar einaste redaktør har skrive ei setning om ytringsfridom.
Os og Fusaposten vart kåra til årets lokalavis.
Tysvær Bygdeblad og Grannar fekk årets Idé-pris for det gode samarbeidet dei har med to temanummer i året.