— 27-åringen fekk klemskader i handa og blei send med Luftambulansen til Haukeland, seier operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Terje Tonning.
Mannen blei frakta vidare frå Haukeland til Rikshospitalet. Onsdag blei mannen operert.
— Pasienten kom inn med ei alvorleg handskade. Han er operert og tilstanden er etter forholda tilfredsstillande, seier Børge Einrem, informasjonsrådgjevar ved Rikshospitalet, onsdag føremiddag.
— Vil handa bli bra igjen?
— Det er for tidleg å seia. Nå må me berre venta og sjå korleis det går, seier Einrem. Han vil ikkje gå i detalj om kva operasjonen omfattar.
Ikkje feil med maskinen
Ulykka skjedde ved Primærtjenesten på Bjoa, som er ei sveiseverksemd for betongindustrien.
Politibetjent Bernt Arne Skjold i Vindafjord lensmannsdistrikt seier det er for tidleg å konkludera med årsaka til arbeidsulykka.
— Det er ikkje funne noko galt med maskinen. Truleg har mannen vore uoppmerksam, men før me har fått snakka med han er det for tidleg å konkludera, seier Skjold.
Ulykka blei meldt klokka 10.00 tysdag føremiddag. Etter undersøkingar avgjorde politiet at arbeidet ved maskinen kunne halda fram.
Arbeidstilsynet er rutinemessig varsla og avventar rapporten frå politiet.
— Maskinen var heilt ny og alle tryggleiksopplegg verka. Det var eit hendeleg uhell. Etter skaden å dømma har han vore heldig. Det var ikkje så omfattande som ein først trudde, seier Svein Kristiansen, hjelpearbeidar i Primærtjenesten. Han snakka med 27-åringen fleire gonger i går.
— Det var litt dempa stemning her ei stund til me fekk vita korleis det hadde gått, elles går arbeidet som normalt, seier Kristiansen.