Til topps for Noreg

— Det er ganske utrulig at det berre var elleve sekundar som skilte oss då […]

— Det er ganske utrulig at det berre var elleve sekundar som skilte oss då vi hadde gjort unna 30 av dei 32 etappane. På det tidspunktet hadde vi løpt over 300 kilometer og godt og vel fire timar. Vi hadde sterke løparar på dei to siste etappane. Derfor hadde eg forhåpningar om at vi skulle klare å avgjere dette til vår fordel. Det var likevel befriande å få beskjed om at vår ankermann Henrik Sandstad var den som ville dukke opp først i målområdet, seier Kaldheim til Grannar. Sandeid-guten hadde grunn til å juble då sigeren var sikra. 29-åringen syntes det var stort at dei hadde avgjort duellen med Finland og Sverige til sin fordel. Finnane var med og kjempa om sigeren. Gutane frå dei tusen sjøars land blei imidlertid hekta av mot slutten av stafetten. Sverige heldt for dårlig fart på den tredje dagsetappen til å vere med heilt inn.
— Finland hadde fleire gode maratonløparar mot slutten av etappen. Vi satsa på gutar som er vane med stor fart. Eg trur det blei avgjerande, seier trenar Jørn Holmen då Grannar huka tak i han. Den tidligare toppløparen var mektig imponert over Kaldheim. Holmen innrømte at han var litt spent på Roy. Haugesund-løparen har som kjent fått spolert sesongen på grunn av skader. Det mest usikre norske kortet løp tre gode etappar i Noreg og Sverige.
— Roy har all mogleg grunn til å vere bekjent av dette. Han gjorde den jobben han var sett til. På bakgrunn av at han knapt har konkurrert eller løpt på asfalt dei to-tre siste månedane, var dette rett og slett imponerande. Roy var ein av dei som var lengst ned i kjellaren dei to siste dagane. Han var i utgangspunktet sett opp på to etappar. Då det oppstod skader på sentrale løparar, blei han tvungen til å ta tre.
Var både sliten og lykkelig
Kaldheim var både sliten og lykkelig då dramaet var over. Han la ikkje skjul på at tre tøffe etappar på fire dagar hadde sin pris. Skader i den norske troppen førte som sagt til at det blei stor totalbelastning på dei som var friske. Til den fjerde og siste dagsetappen hadde Jørn Holmen berre ni disponible løparar. Det resulterte i at han måtte bruke alle. Den tidligare maratonløparen hadde litt av ein jobb då han skulle forsøke å få kabalen til å gå opp. Ingen har nemlig lov til å løpe meir enn 42,2 kilometer i stafetten. Holmen undersøkte om det var mogleg å få henta inn ein ekstra løpar eller to for dei som måtte kaste inn handkledet. Juryen var open for å diskutere dette. Det blei ingen aktuell problemstilling ettersom Sverige ikkje var villige til å gå i dialog om dette. Dermed måtte løparar som var sette opp på ein eller to etappar løpe tre eller fire. Holmen var fredag ettermiddag usikker på om dei norske fargane var i stand til å fullføre.
Like stort som i fjor
Gjesdalbuen hadde oppteljing nokre timar seinare. Gutane sin konklusjon var at dei var innstilte på å bite tennene saman og kjempe om sigeren. Roy og dei andre var klar over at det var ein kalkulert risiko for at dei kunne pådra seg skader.
— Det er lett å bli skadd når ein spring så mange kilometer i konkurransefart som det Roy har gjort her i St.Olavsloppet. Du må ta høgde for at enkelte kan pådra seg skader som spolerer resten av sesongen. Eg har gitt Kaldheim beskjed om at han må vere tålmodig i restitusjonsarbeidet.
— Korleis var det å vere med på å sikre Noreg ein ny landskampsiger?
— Det var ei like stor oppleving som i fjor. Først og fremst fordi eg gjekk så lenge skadd. Var i ferd med å avskrive deltaking i denne stafetten då landslagsleiinga ringte og ville ha meg med. Dei ba meg vere tålmodig. Eg håper gjennomkjøringa eg har fått i Jamtland og Trøndelag skal slå positivt ut for resten av sesongen. Fekk ein skikkelig formutløysning i etterkant av tilsvarande arrangement for eitt år sidan. Det er lov å håpe på noe liknande i år. Den flotte stemninga og folkefesten gjer St.Olavsloppet til noko heilt spesielt. For meg har dette vore eit prioritert satsingsmål det siste året. Det var flott at eg blei frisk nok i tide til å bli med, avsluttar den glade gullguten.