Til topps i Den store styrkeprøven

Den uthaldande Øvre Vats-guten og lagkameratane blei klokka i mål på 14,02. Det var også […]

Den uthaldande Øvre Vats-guten og lagkameratane blei klokka i mål på 14,02. Det var også ein annan syklist frå Vats i Rye-feltet. Leif Jonny Stødle. Men 26-åringen måtte kaste inn handkledet på Lillehammer. Det beklaga både lagkaptein Stein Morten Storrø og andre som sat i feltet. For Leif Jonny var aktiv i dei godt og vel 40 mila han var med. Han hadde store smerter då dei nærma seg Mjøs-byen. Lastebilmekanikaren bestemte seg for å hoppe av sykkelen. Stødle sa til Grannar at han ikkje var i stand til å pine seg i seks timer til.
— Det var ikkje med lett hjarte eg braut. Smertene var så store at eg i realiteten ikkje hadde noko val, sa Stødle. Han fekk inga billig reise ettersom det blåste friskt over fjellet og nedover Gudbrandsdalen. I år hadde syklistane over 400 kilometer med motvind. Den 40. utgåva av styrkeprøven stod i sterk kontrast til det som skjedde i fjor. Då hadde deltakarane medvind frå Dombås. I år fekk dei vinden i fleisen på Oppdal. Tore Haslemo hadde forhåpningar om å få sjå 13-timarstalet då startskotet smalt i Trondheim på morgonkvisten.
— Vi hadde eit minst like sterkt lag som då det blei sett rekord for eitt år sida. På Dombås låg vi eit kvarter framfor Ryes fjorårsrekord på 13,38, sa Haslemo. Den tidlegare volleyballspelaren, som har blitt ein svært habil syklist. Starten i styrkeprøven hang likevel i ein tynn tråd for slitaren. For ein knapp månad sida overbelasta han eit muskelfeste. Sida har den allsidige Vats-ustøvaren slite med det. Så seint som i førre veke var han usikker på om han kom til å starte. Haslemo hadde litt problem i starten. Rye tråkka nemleg til allereie frå start.
— Eg ville bli skikkeleg varm før eg tråkka ordentleg til. Det gjekk heldigvis bra. Den største utfordringa var å få i seg nok næring. Det er alt anna enn lett når det er så stor fart og høg intensitet. To gonger måtte eg byte hjul. Begge gongene måtte eg auke farten og pulsen for å ta igjen hovudfeltet. Det kostar krefter når dei andre ligg i mellom 40 og 50 kilometer i timen. Eg hadde ei god kjensle då vi nærma oss mål. Den primære målsetninga i år var å vinne. Det klarte vi med god margin ettersom CK Victoria blei slått med kvarteret, sa han.