Til topps med landslaget

— Det var svært jamt og uhyre spanande. Me enda opp med 1365, 14 poeng, […]

— Det var svært jamt og uhyre spanande. Me enda opp med 1365, 14 poeng, medan svenskane til slutt enda to usle poeng bak, seier ei svært nøgd Kjellaug Selsaas, som poengterer at det er ekstra kjekt å slå svenskane.
Noreg vann det nordiske meisterskapet for tredje året på rad, og kunne ta med seg heim ein flott vandrepokal. Kjellaug Selsaas har vore med to av dei tre åra.

Supert miljø
Konkurransen var inndelt i 10 ulike øvingar. Her måtte hunden verkeleg vise kva den dugde til. Hunden måtte mellom anna dirigerast, følgje med foten, apportere og hente ulike gjenstandar på kommando. Alt saman skal skje så fort og presist som råd.
Kjellaug Selsaas var den einaste vestlendingen på landslaget i år, resten av dei fem lagkameratane var frå Austlandet.
— Me har hatt det kjempekjekt! Det er eit supert miljø, seier ho.

Satsar vidare med Loppa
Kjellaug Selsaas og hunden Loppa, greidde seg svært fint og samla inn viktige poeng til laget. I den individuelle konkurransen nådde ikkje EM–meistarane frå i fjor heilt opp denne gongen.
— Me hadde ein liten miss, og vart straffa hardt for det. Dommarane var veldig strenge. Me hamna til slutt på ein niande plass, seier Kjellaug Selsaas.
Det går mot rolege tider for hundeeigaren frå Vats og Loppa no. Neste konkurranse er nesten eitt år fram i tid. Trena skal dei, men ikkje så intensivt som dei gjer det i høgsesongen.
— No held me oss til eit par treningar i veka. Føre store meisterskap må me trena opptil fleire gonger per dag, seier ho.
I november og desember neste år er det nordisk meisterskap att, og det gjævaste av alt, Verdsmeisterskapet.
— Loppa er ni år, så det spørst om ho held ut så veldig mykje lenger. Ho er i god fysisk form no, så me skal i alle fall prøve å kvalifisere oss til VM. Det hadde vore veldig stas og få prøve seg der, seier Kjellaug Selsaas.