Der venta jentene hans. Elin og døtrene Taletta på fire og Thelma på to. Glad for sambuaren og pappa sitt definitive gjennombrot. Og ikkje minst glad for at han har funne ei arbeidsform som gjer at han kan bu heime på gardstunet dei aller fleste dagane i året.
— Dette er prikken over i-en. Eller for å seia det på ein annan måte: No er det ingen andre prisar som er viktige å vinna. Og no kan eg kanskje vera endå meir heime. I mitt indre rekneskap meiner eg at prisen tilsvarar 25 merknadsføringsreiser ut i verda, smiler 42-åringen. Han kjem frå Vikedal, men har no slege rot på Bjørnetun på Bjoa. Der er han stort sett smitt og smule i aksjeselskapet Tomax.
— Me er to, men kompanjongen min, Per Olav Haugom frå Sirdal har gått av med pensjon, og av den grunn trekt seg litt attende, røpar Reimers.
Ein røyrdel
Kva er det så Reimers og Haugom har funne på, som fekk ein samla og svært så kompetent ONS-jury til å slenga om seg med superlativ? Og plukka oppfinninga til Tomax ut som vinnar i konkurranse med 64 andre vurderte nyvinningar?
— Kort forklart har me laga ein teleskopisk røyrdel som skal brukast i samband med boring. I alle år har oljebransjen slite med utstyret når dei støyter på uventa hard motstand. Det er enorme krefter som driv borekronene fram, og kjem det ein overraskande bråstopp, seier det seg sjølv at momentet vert veldig høgt. Så høgt at både borekroner og ikkje minst borestrengen kan bli øydelagde. Noko som i sin tur medfører dyre og tidkrevjande stopp i boreoperasjonane. Juryen under årets oljemesse meinte at kvar slik stopp i gjennomsnitt kostar oljeselskapa ni millionar kroner. Ved å bruke røyrdelen som me har utvikla 20 til 40 meter bak borekronene, vert uventa motstand møtt med ei omgåande tilbaketrekking. På det viset hindrar ein at dyrt utstyr vert øydelagt, fortel Reimers. Og kanskje like viktig:
— Det fører mest alltid til ei monaleg raskare boring enn med den konvensjonelle teknologien, som har vore brukt til denne tid.
Kveilerøyr ok
Ein borestreng er ikkje nett ein vanleg streng når det gjeld dimensjonar. Snarare eit kraftig stålrøyr med ein diameter på mellom 12 og 15 centimeter. Og utan tvil det mest brukte når det skal borast nye oljebrønnar.
— Mange stader lyt ein også bruka langt mindre røyr, såkalla kveilerøyr. På dette området har me allereie gjort nok testar til at den teleskopiske røyrdelen er i produksjon. Også her har resultata vore eineståande. Ikkje minst har Statoil brukt mykje tid, ressursar og pengar for å få testa ut at oppfinninga vår held mål. Dette er også ein røyrdimensjon som vert mykje brukt i innlandsmarknaden i USA. Det er også derifrå me får dei langt fleste tingingane. Men det er først når me kjenner oss heilt trygge på borestrengdimensjonen at dette vil ta heilt av. Det er trass alt der det store volumet er, fortel ein mann som i ein liten mannsalder har vore ein del av petroleumsbransjen, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt.
For seg sjølv
Nils Reimers har teke både maskin- og petroleumsutdanning. Han starta karrieren sin som testingeniør for amerikanske Baker Hughes. Der vart han seinare også teknisk leiar for den norske avdelinga. Midt på 90-talet byrja han hjå Aker Maritime, og arbeidde både som prosjektleiar og direktør for ulike selskap.
— Det var ei verd der du reiste dit du fekk melding om å reisa. Det gjekk så lenge eg var ei sjel og ei skjorta. Men det er ikkje noko ein bør gjera heile livet. Difor ville eg etter kvart prøva å driva med noko på eiga hand. Ikkje minst vart det viktig med ein familie kring seg. No samarbeidar eg med fire små- og mellomstore selskap i Stavanger og på Jæren. Selskap med stor integritet og gode namn i bransjen. Produksjonen av sjølve røyrdelen skjer hjå Årdal Maskinering på Varhaug, fortel Reimers.
Store dagar
ONS 2006 var den største oljemessa som har vore nokon gong. Og aldri før har vel himmelen over petroleumsindustrien vore meir skyfri. Med historisk høge oljeprisar, og støtt nye teknologiske framskritt, er det knapt nokon som trur at førekomstane av olje og gass kjem til å ta slutt i vår levetid. Men gode tider gjer også at det vert brukt eventyrlege summar på standar og lokketilbod i aust og vest. Kampen om dei store si merksemd er enorm.
– I ein jungel av 1.251 utstillarar, var det ikkje nett noko minus å få stempla standen vår med ONS Innovation Award. Då kjem dei. Me hadde representantar for Chevron Texaco, Shell og verdas aller største oljeselskap, Exxon Mobile, innom. Det varmar sjølvsagt ekstra godt, smiler oljeinnovatøren frå Bjoa.